Hopp til hovedinnhold

Rådhus og fengsel

Eit kvart samfunn treng demokrati, lov og orden, og hos oss finn du både rådhus og fengsel i eitt og samme bygg:
Elizabeth Town Hall & Jail.

  • Tilsynelatende gammelt foto av par i drakt utenfor Rådhus og fengsel
    1/1
    Elizabeth Town Hall & Jail

Denne bygningen vart reist i Elizabeth Township i Minnesota i 1880-åra. Fengselet, med to fangeceller, vart bygd i 1885, kort tid etter at dei første nybyggarane hadde kome til området. I 1889 blei det bygd på, og den nye delen blei brukt som rådhus. 

Tidleg på 1900-talet bygde ein eit nytt og større fengsel i Elizabeth, og det gamle bygget fekk ny funksjon som møterom og cellene som valrom og til lagring av valurner.  Ei av dei gamle valurnene er framleis på plass i rådhuset.

  • 1/2
  • 2/2

Oppbygginga av dei nye samfunna på prærien hadde to grunnsteinar. Det eine var fridomen, det andre var kravet om orden. Nybyggarlivet ville ende i anarki om det ikkje også bygde på orden og disiplin, og dette måtte skapast av nybyggarane sjølve. No var dei ikkje lenger bunde av det strengt styrte samfunnet dei kom frå i heimlandet, og dei kunne skapa samfunn som ikkje var styrt av klasseskilje, sosiale skilje og sterke embetsmenn. Særmerkt for det amerikanske samfunnet er at så mykje av lokal administrasjon byggjer på demokrati og val. Innbyggjarane har sjølv kunne velgja prest, lærar og sheriff.

  • 1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1