Hopp til hovedinnhold

Legekontoret

Legekontoret er henta frå Rothsay i Minnesota, og var base for pionerdoktoren J.C.Serkland i meir enn 50 år. Prærielegen tok hand om både born og vaksne som vart råka av sjukdom eller ulukker i det harde nybyggarlivet.

  • 1/1

Dr. Serklands klinikk frå præriebyen Rothsay i det vestlege Minnesota rommar forteljinga om dei harde sidene ved nybyggarlivet. Huset er ikkje stort, men det romma venterom, konsultasjonsrom og eit laboratorium. Som einsleg lege langt frå folk måtte legen som var fødd i Siljan i Telemark gje folk så god medisinsk hjelp som råd, anten det var fødande kvinner, born som hadde brote beinet eller ein pasient med blødande knivstikk etter ein fuktig kveld på Saloonen. Dei fleste pasientane som kom til dr. Serkland bar norske etternamn, og legen sjølv kunne norsk før han lærte seg engelsk.

  • 1/1
    Interiør legekontoret

I Rothsay kom det vel med at legen kunne snakka norsk, for her var nordmenna i overtal. Heile 5 norske kyrkjer er bygd i og omkring denne småbyen.

Sjølv om doktoren hadde eigen klinikk, blei han ofte bodsendt til pasientar som ikkje kunne komme avgarde. Avstandane var store, og han tilbragte timesvis på slitsame reiser med hest og vogn eller slede for å komme rundt til pasientane sine. Den verste tida var i 1918 då spanskesjuka nådde prærien. Dr.Serkland jobba døgnet rundt i den tida det stod verst på. Desto større var gleda over at han ikkje mista ein einaste pasient til sjukdommen. 

Doktoren hadde eit godt rykte som familielege. Han var og kjend for å laga sin eigen hostesaft som alle brukte og alle likte. Lenge før penicillinet kom, vann han ry for å vera uvanleg dyktig med lungebetennelse. Dr.Serkland held fram med arbeidet sitt til sine siste dagar, og tok imot pasientar heilt til siste vinteren han levde.

Legekontoret er gjeven i gåve til Vestnorsk Utvandringssenter av etterkommarane til dr.Serkland, og fleire av dei var på Sletta då huset vart opna for bruk i år 2000. Dei gav og delar av inventaret, med mellom anna doktorveska med innhald som legen brukte under heimebesøk.

  • 1/4
    Detaljar frå safe
  • 2/4
    Detaljar frå safe
  • 3/4
    Medisinsk utstyr frå dr.Serkland si legeveske
  • 4/4
    Medisinsk utstyr frå dr.Serkland si legeveske
Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1