Hopp til hovedinnhold

Nybyggarstova

er bygd av nordmannen Andreas Seem i Underwood, Otter Tail County i Minnesota. I 1869 busette han seg, saman med familien sin og to andre familiar frå Trøndelag, som dei første nybyggarane her og vart slik grunnleggjarane av denne byen.

  • 1/1
    BIlete av Nybyggarstova, teke rett etter reising på Sletta

Dei var heldige, for i dette området var det skogland og det var ikkje problem å skaffe seg tømmer. Mange andre stadar måtte nybyggarane bygga hus av stampa jord og torv. Husa i Underwood vart bygde i massiv eik, og framleis står to av desse husa; The Foss Cabin i Underwood og nybyggarstova til Seem på Sletta. Begge forteljer historia om den første pionertida.

  • 1/2
    Interiør i Nybyggarstova
  • 2/2
    Stigen i Nybyggarstova

Nybyggjarstova til Karen og Andreas Seem var i bruk som bustad heilt fram til 1956. Då var ho vore bygd på i fleire retningar, og hadde på det meste 6 rom. Seinare vart tilbygga teke vekk, og huset vart flytta til ein anna stad på eigedommen. Familien til Andreas og Karen bur framleis på garden i Underwood, og gav huset i gåve til Vestnorsk Utvandringssenter. Dei likte tanken på at huset skulle "komma heima" til landet der forfedrene var komme frå.

Saman med huset fekk museet også ein crazy quilt laga av dottera til Karen og Andreas. Du kan lese meir om tekstilen og om historien til nybyggarfamilien i denne artikkelen:

Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1