Hopp til hovedinnhold

Skulestova

er ei typisk eittroms skulehus frå Sargent County i Nord-Dakota. Bygningen rommar berre eitt klasserom, og er på rundt 25 kvadratmeter totalt. Det var nybyggarane sjølve som bygde skulen og betalte for at borna skulle få skulegong der. Skulane fekk ei viktig rolle som offentlege bygg i starten, og blei også brukt til sosiale samlingar på ettermiddagar og i helgene.

  • 1/1

Skulestova vart reist i 1893 nær grensa til Sør-Dakota og ikkje mange mil frå grensa til Minnesota. Her fann nybyggarane det dei leita etter. Jorda kunne brukast så snart torva var vendt, og var meir enn god nok til å drive jordbruk. I denne perioden vaks staten Nord-Dakota frå eit par tusen innbyggjarar til kring ein halv million, og kvar fjerde nybyggar var norsk. Anten kom dei direkte frå Norge, eller var på vandring mellom den eine staten  til den andre i Midtvesten. 

Men det var grunnleggjande at skulane var amerikanske, ikkje norske eller norsk-amerikanske. Undervisningsmålet var amerikansk, læreplanen det samme. I skulestova hang biletet av USAs første president og det amerikanske flagget hang oppe heile skulestida. Her skulle elevane læra dei grunnleggande amerikanske verdiane og saman bygge ei ny og betre framtid i Amerika.

Det vesle skulehuset gjorde teneste i mange år. Etter at skuledrifta var over midt på 1950-talet, vart skulehuset med inventar kjøpt av det lokale bondelaget. Dei flytta huset til Forman, administrasjonssenteret i Sargent County, der det blei brukt som museum. I 1997 gav Sargent County Farm Bureau skulestova i gåve til Vestnorsk Utvandringssenter, og ho vart opna for omvisning på Sletta i år 2000.

  • 1/1
    Interiør skulestova

På 1800- og tidleg 1900-talet gjekk dei fleste amerikanske barn på slike eittroms skulehus. Dei hadde ein lærar som underviste barn frå første til åttande trinn. Det var vanleg med alt frå ein handfull elevar til over førti barn i samme klasserom, og aldersspennet kunne vera frå 5 til 18 år. Dei yngste sat framme og dei eldste bak, med læraren i midten. Det var ikkje uvanleg at barna blei delt slik at jentene sat på eine sida og gutane på andre. Undervisninga fokuserte på det grunnleggjande innan lesing, skriving, matematikk og historie. 

Spesielt i område med utbredt gardsdrift var det ikkje uvanleg at elevane berre kunne delta i undervisninga på vinteren, for om våren og hausten måtte dei bidra i gardsdrifta heime. Skuleåret blei difor tilpassa til det lokale jordbruket slik at flest mogleg kunne delta. 

Eittroms skulehus finn ein framleis i rurale strøk, og i 2001 fantes det kring 250 slike skular i USA, der over 70 var plassert i Montana.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1