Jon Torsteinson Rue var fødd i 1827 i Luråsbygda i Tinn. Han var den yngste i ein stor barneflokk, og vaks opp på ein liten gard i tronge kår. Faren døydde då Jon var 2 år, og alle borna måtte bidra for at familien skulle klare seg.
Frå han var liten var Jon med dei eldre syskena og gjeta og sette opp rypesnarer på vinterstid. Han lærte tidleg å gå lange skiturar i bratt terreng. Skia var det daglege og naturlege framkomstmiddelet og blei nytta i både leik og arbeid. Jon fekk innsikt og kunnskap om å laga ski sjølv.
Livssoga hans fortel om ein tinndøl som var «fødd med arbeid» likeins som «med ski på beina»