Hopp til hovedinnhold

Jul på Prærien

Vi inviterer til førjulsstemning - ta turen på eigahand.
Lys og fin, gamal julepynt i husa gjev rom for førjulsmagi!

I desse koronatider kan vi diverre ikkje invitere inn til arrangment slik vi hadde tenkt. Vi ønskjer difor heller å vi å invitere til Jul på Prærien i heile juletida. 

I denne mørke førjulstida i koronaåret lengtar folk ekstra etter lys og lyspunkt i tilværet. Vi kan ikkje invitere inn til julehygge eller verkstad, men vi kan legge til rette for gode opplevingar i førjulstida. Alle husa på Utvandringssenteret med fin, gamal julepynt. Her er nisser, bukkar, lenker og lys, julepynt av gamal årgang, frå mellomkrigstida og frametter. Her kan ein ta med barn og barnebarn, mimre og dele minner – kan hende kjenner du att akkurat den type julepynt frå din barndom og oppvekst.

Husa i Prærielandsbyen er også lyssett i silhouett på Sletta, og her kan ein ta turen og rusle mellom husa, kikke inn vindauga og  få auge på små og større pynt. Lysa gjer det til ein stemningsfull kveldstur, og ta gjerne med lommelykt. Ta turen saman, gjer noko saman, del minner, men også SKAP minner i denne spesielle førjulstida. Det er framleis lov å vere saman med familie og utvalde nærkontaktar.

Jul på Prærien

Leitar du etter julestemning? Fin, gamal julepynt og lys i husa gjev god stemning. Nissejakt. Ta turen på eiga hand. Opplevinga er gratis.

Vestnorsk utvandringssenter
1. desember 2020 – 6. januar 2021
  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1