Hopp til hovudinnhald

Julekonsert med Alverkoret

Alverkoret held konsert for oss og med oss i Emigrantkyrkja. Før konserten vert det julestemning, julekafe og -verkstad i Kafe Emigranten. Kan hende du finn ein julegåve eller to i museumsbutikken.

Alverkoret held konsert for oss og med oss i Emigrantkyrkja. Før konserten vert det julestemning, julekafe og -verkstad i Kafe Emigranten. Kan hende du finn ein julegåve eller to i museumsbutikken.

Emigrantkyrkja Vestnorsk utvandringssenter
02. des. 2026
18.00 – 20.00 Julekafe, - verkstad, -butikk
02. des. 2026
20.00 – 21.00 Konsert

Alverkoret - konsert og allsong kl 20

Alverkoret, ein flott gjeng med lystige seniorar kjem og held konsert for oss i Emigrantkyrkja, og vi får vere med på allsong.

Alverkoret har som mål er å skapa interesse for god korsong og å arbeida for musikalsk utvikling i eit godt sosialt miljø. Dei har funne fram ein variert og fint knippe julesongar som spenner frå vakre Deilig er jorden, til den meir lystinge Når papen kjem heim til jul. 

Nokre av songane vert lagt opp tli allsong. Det er kjekt å få vere med sjølv også, på kjente og kjære julesonger.

Julekonserten og arrangementet er resultat av Alverbørsen

  • Emigrantkyrkja lyser i kveldsmørket
    1/4
    Lena Eikeland Kutschera
  • Pyntet juletre med hvite lys i kirken
    2/4
  • Julepynt i kirken
    3/4
    Julepynt i Emigrantkyrkja Lena Eikeland Kutschera
  • Eit kor står oppstilt i tre høgder på korkrakkar på ei scene. Alle elegant kledd i svart. Dirigenten står med ryggen.
    4/4

Førjulskveld før konserten i Kafe Emigranten

Frå klokka 18 vert det julesemning i kafeen med kaker, gløgg og høve til å slå av ein prat.

De kan lage julekort eller enkel julepynt på ei lite juleverkstad. 

I museumsbutikken vår har vi fine kortreiste julegåver, præriesaker eller interessante bøker. 

 

  • Fargerike julekort laget med glansbilder og stempel
    1/4
  • Julekule påskrevet Merry christmas
    2/4
  • Flettet julekort av gamle julehefter
    3/4
  • Museumsbutikk Emigranten
    4/4
    Museumsbutikk Emigranten

Kveldstur i Prærielandsbyen

Tradisjonen tru vert det pynta i alle hus og vindauge før jul, og du er velkommen til å ta ein tur og kikke inn glasa.

Førjulstida skal ikke vere prega av mykje mas og jag. Ta dykk tid til ein fin førjulskved saman med familie, venner og kjente. 

Skap minner og del minner! 

  • Nissefar og nissemor kysser
    1/4
    Gammel julepynt
  • Vinterlys på Prærien, lyssatt silhouette
    2/4
    Vinterlys på Prærien
  • Fjøsnisse og ølkjenge i vinduskarmen
    3/4
  • Julenisse kikker ut vinduet
    4/4
    Nisse i vinduet