I alle husa er det julepynt og lys, og ein rusletur mellom husa kan gi god stemnig. Vi har pynta til jul og tent vinterlys i mørketida. Her kan du sjå julepynt av ulike årganger som kan vekke gode minner, og vi inviterer til å dele minner og skape minner med turvenner - gjerne fleire generasjonar saman.
Vi har også fleire små utstillingar som viser gamle julekort, og vi fortel litt om juletradisjonar. Alt kan sjåast frå utsida, og bygningane i Prærielandsbyen vil lyse i silhuett og varmt lys vil skine i dei gamle husa.
Her har vi ikkje berre pynta husa med lys, vi har også funne fram gamal julepynt og sett i alle vindauga på Utvandringssenteret. Jula har med seg mange kjensler og minner, og julepynt og julestemning er noko ein tek med seg gjennom heile livet, og som kan hentast fram når jula kjem. Med den gamle julepynten, gjennom fleire årgangar ønskjer vi å hjelpe med å finne akkurat DIN julestemning, den som gjev deg den gode julefølelsen. Dersom du tek turen saman med ein ven eller ein slektning kan de sammen finne fram til denne.
Er ditt turfølge av ein annan generasjon kan de dele dykkar minner. Håpet er at om de tek ein rusletur mellom dei små husa og kikker inn vindauga, samtid også får laga ny og god minner, som de kan ta frem ved seinare høve. Slik ønskjer vi å legge til retter for at de kan DELE MINNER OG SKAPE MINNER – SAMMEN!
Julepynten er godt synleg på dagtid om de vill ta turen då.
Velkommen!
Ta gamleveien og se Slettabygda
I vår fekk vi ny og flott nyeveg over Radøy. Om du vil prøve den i førjulsmørkret kan du ta den vegen for å komme til oss. Om du er ute for ein koseleg stund, kan du eine vegen køyre gamlevegen gjennom Slettabygda, her er også mange hus, løer og til og med busskur pynta med julelys.