Hopp til hovedinnhold

Sjursenarkivet og søkbare kjelder

Arkivet omfattar kring 96.000 namn over dei som emigrerte frå fylka Hordaland og Sogn og Fjordane fram til 1924. Arkivforskar Jahn Sjursen har over år arbeidd fram informasjon om utvandringa.

I tillegg har han laga eit kartotek over eit utval emigrantskip, passasjerlister og ulike skipsforlis under krigen. Heftene Emigrant News med utvandring frå nokre utvalde kommunar er også mellom det Jahn Sjursen har laga og som vi har i arkivet. Han har også utarbeida eit kartotek over dei som tenestegjorde i 99. th Infantery battalion (separate) under 2. verdskrig. 

Arkivet finns framleis, men vi har til vanleg ikkje kapasitet eller ressursar til å ha det tilgjengeleg for publikum. 

For dei fleste vil det no vere lettare å søke i digitale kjelder, som no i mykje større grad er tilgjengeleg enn før. For å hjelpe litt på vegen har vi her samla eit knippe stader der ein kan starte søke etter personar, skip og hendingar. 

Digitalarkivet - I kjeldegruppa Emigrantmateriale kan du mellom anna søke etter namn, årstal, passasjerlister og skip.

For å finne folk i USA

Søkbar kjelde for immigranter som kom til USA via Ellis Island

Her er også mange spennande historier og kjelder

Mange fleire kjelder

Dette er ikkje ei uttømmande liste eller veg til å finne sin slekt, men eit utval av kjelder som kan hjelpe med å finne fram. Det er mange lokale sogelag og historielag rundom. 

Foreninga Slekt og Data som er Norges største frivillige organisasjon for alle som er interessert i slekts- og personhistorie. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1