Livet på Prærien - familiedag

Bli med på ein kjekk og lærerik dag på Utvandringssenteret søndag 11. september kl. 12 - 16.

  •  (Foto/Photo)
    1/1


Her kan du prøve deg på bogeskyting, lassokasting, gullgraving, ta Amerikabilete, skyte med luftgevær og bli med på andre tidsriktige aktivitetar frå utvandartida. 

Mellom husa vert det aktiviteter med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika.

Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre.
Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar. Lasso som vart nytte til å samle kveg.Kle heile familien opp i tidsriktige klede og ta Amerikabilete hos fotografen. Kast hestesko, og prøv deg på andre leikar, kjent for barn både i gamlelandet og i Amerika.

Det vert leirstemning med fyr i bålpanna, kor du kan grille marshmallows, og vi har enkel kafé i The Plain Saloon!

Billettprisar:

Billett kr 100,-
Familie (4 stk) kr 300,- 

Velkommen til Prærielandsbyen!

  •  (Foto/Photo)
    1/1