Hopp til hovudinnhald

Me reiser til Junaiten

Eit humørfylt syngespel om utvandringa til Amerika og spenningane mellom dei som reiste og dei som vart att.
Musikken er basert på irsk folkemusikk, og alle tekstar og songar er skrive på nynorsk.

NB! Arrangementet har funne stad

Eit humørfylt syngespel om utvandringa til Amerika og spenningane mellom dei som reiste og dei som vart att.
Musikken er basert på irsk folkemusikk, og alle tekstar og songar er skrive på nynorsk.

Samfunnshuset Skogen Sletta Vestnorsk utvandringssenter
24. okt. 2025
19.00
25. okt. 2025
19.00
  • svartkvitt bilde av revygruppe kledd opp i klær frå gamle dager med stakk, skaut og hatter. Dei poserar med koffert, tønner, vaskebrett mm

Vi er stolte og glade for at vi får vere litt med når Utvandringssenteret sin venneforening og Alverrevyen sett opp syngespelet Me reiser til Junaiten. 

Aktørar frå Alverrevyen vert sentrale i syngespelet, med skodespelarar og musikarar frå både Melandsrevyen, Sæbørevyen, Hjelmåsrevyen og Slettarevyen på scena. Stykket er skrive av Signe Marit Krossøy frå Masfjorden, med lokale tilpassingar av regissør Ivar Hopland.

Stykket inngår i programmet for Nynorskdagane i Alver 2025, og arrangerast i samarbeid mellom Alverrevyen og Utvandringssenterets venner.


Velkomen til Samfunnshuset Skogen Sletta fredag 24. og laurdag 25.oktober!
Det vert open pub på Samfunnshuset etter forestillinga begge dagane.

Inngangsbillett kjøpast på Tikkio eller i døra, og kostar 300 kr / 150 kr for barn under 16 år.

  • Logoane til alle arrangørane og medarrangørar.
    1/1