Minnesteinane
Kring Emigrantkyrkja finn du minnesteinar som forteljer ulike historiar om den norske utvandringa. Ideen om å "hogga" norsk utvandringshistorie i stein var med frå oppstarten av Vestnorsk Utvandringssenter, og minnesteinane har blitt reist mellom 1997-2010. Alle steinane er laga av steinhoggaren Reidar Rosnes og blitt reist i samarbeid med ulike lag og organisasjonar som har si soge å fortelje.