Hopp til hovedinnhold

Noko for samlinga vår?

Vestnorsk utvandringssenter er interessert i gjenstandar, brev og kort som forteljer historia om den norske utvandringa. Kanskje har du noko liggande som fleire kan få glede av?

  • Amerikadukke med kjole i striper og belte i stjerner. Postkort med bilde av St. Bernhardhund og en liten jente
    1/1

Innsamling av Amerikapakkar og -post

I anledning 200-årsjubileet for den norske utvandringa samlar museet inn gjenstandar og brev knytt til utvandringa til Nord-Amerika. Vi er interessert i gjenstandar frå heile perioden, også nyare ting. Kanskje har familien slekt i USA eller Canada som har sendt gåver eller brev "heim" til Norge? Dette synes vi er veldig spennande! Endå meir spennande er det dersom du kan fortelje ei historie knytt til gjenstandane. Kor og kven kjem den frå, korleis opplevdes det å få slik post?

Kva kan vi ta imot?

Vi blir veldig glad og beæra når nokon ynskjer å gje oss gjenstandar og brev som er ein del av historia deira. Det er alltid spanande å høyra historiane de har!

Veit du kvar den er laga? Kven som har brukt den? Kva den er til? Har den ei spesiell historie? Jo meir kunnskap vi får om gjenstanden, dess lettare er det for oss å vurdere den kulturhistoriske verdien.

Vi ynskjer å ivareta historie og kulturarven gjennom å ta vare på gjenstandar og drive forsking og formidling om dei. Skal vi klare det, må alle nye gjenstandar som  skal inn i samlinga gjennom ei nøye vurdering. Diverre kan vi ikkje ta imot alt vi får tilbod om. Det kan vera ulike årsakar til dette; gjenstander som rett og slett er for store/ tek for mykje plass på magasinet vårt, eller gjenstandar vi allereie har mange av. Gjenstanden kan og ha høge kulturhistoriske kvalitetar, og likevel ikkje passe inn i vår samling. Den må passe inn i vår samlingsstrategi- er dette ein gjenstand som er i tråd med oppdraget for vårt museum?

Kva skjer med gjenstanden/brevet?

Gjenstandar og brev blir registrert i databasen vår. Her tar vi bilete, og lagar vi ei detaljert skildring av mål og kjennemerke. Gjenstanden får eit eige nummer og blir fysisk merka. Er det fare for at den kan innhalde skadedyr, blir den frosen ned ei stund. Vi skriv inn kjent informasjon som kan knyttast til gjenstanden. Den blir så ein del av samlinga og den dokumenterte kulturhistoria vår. 

Med dykkar samtykke publiserast gjenstanden på Digitalt Museum, slik at flest mogleg kan få tilgang på desse opplysningane, utan at dei må komma fysisk til oss.

Nokon gjenstandar brukar vi i fysiske utstillingar på museet vårt, andre blir plassert i eit magasin som sikrer ei lengst mogleg levetid. Då er den tilgjengeleg for forsking og kan bli nytta i seinare utstillingar og til formidling til dei som kjem på museum.

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1