Hopp til hovudinnhald

Nytt liv i nytt land – historier frå fortid og notid

Bli med på ei engasjerande omvising på Vestnorsk utvandringssenter, kor vi utforskar den norske utvandringa til Amerika på 1800-talet og tidleg på 1900-tal. Gjennom friluftsmuseet med bygg flytta frå USA, og levande historiefortelling får du innsikt i korleis institusjonar som kyrkje, skule og helsevesen spelte ei nøkkelrolle i integrering og identitet i det nye landet.

Vi koplar også til erfaring i dag gjennom intervju med migranter i Norge. Korleis formar migrasjon individ og samfunn? Kva kan fortida lære oss om språk, tilhøyre og sosial mobilitet i dag?

Denne omvisinga passer for både vaksne og unge, og inviterer til refleksjon og samtale.

  • Sommer på Utvandringssenteret, Prærielandsbyen
    1/1
    Lena Eikeland Kutschera

Send oss ein førespurnad