Olaus Gjeldness var fødd som ein av sju søsken i Stangvik på Nordmøre, og vart tidleg kjend med skisporten i Norge. Han emigrerte frå Trondheim i 1873 med sikte på "de forenede nordamerikanske fristater". Han jobba saman med dei eldre brødrene i gruvedrift i fleire av statane i Midtvesten i nær 20 år.
I 1894 kom han til byen Rossland i British Colombia, Canada, der han vart spesielt involvert i gullgraving i fjellet Red Mountain. Fjellet var stupbratt, og Olaus brukte skia både opp og ned fjellet. For dei andre som gjekk på truger opp og ned var det litt av eit syn å sjå nordmannen sette utfor den 2,5 km lange fjellsida på ski. Dei spektakulære nedfartane vart grunnlaget for det som vart den første uoffisielle alpintkonkurransen i 1896. To år seinare arrangerte Jeldness Rossland Winter Carnival, det canadiske mesterskapet for ski. Tre år på rad vann han mesterskapet som samla tusenvis av menneske i Rpsslands gater, før han pensjonerte seg som skiløpar. Mesterskapet blir framleis arrangert i dag.
På Rossland Historical Museum kan ein sjå dei originale vandrepokalane frå starten av mesterskapa, der Olaus fekk inngravert følgande sitat:
Play not for gain- but sport
Leep not for gold- but glee
Oh! Youth play well thy part
Whate'er life's game may be
I 1935 døydde Olaus Jeldness av lungebetennelse. Aska hans blei spreidd i Red Mountain, og i minneorda hans kunne ein lese om ein hjartevarm person som elska skisporten og var ein framifrå læremeister for ungdommen. Olaus Jeldness sin innsats og lidenskap for skisporten har hatt ein varig innverknad på utviklinga av vintersport i Canada. Han vart ein respektert skileiar og ein inspirasjon for generasjonar av skientusiastar. Hans arv lever vidare gjennom skikonkurransar og skianlegg over heile landet.
I 2013 blei han heidra med ein statue i byen Rossland.
På monumentet som står på Vestnorsk Utvandringssenter blir Olaus Jeldness rettmessig heidra som ein av pionereane innan amerikansk skisport, saman med ei rekke andre nordmenn som tok med seg skikunnskapane i Amerikakofferten.
Kilder og referanser
- Rossland Historical Museum Olaus Jeldness Url: https://www.rosslandmuseum.ca/olaus
- Shearer, Ronald (2013) Olaus Jeldness Url: https://www.rosslandmuseum.ca/essays/rs-olausjeldness