Hopp til hovedinnhold

Ole Ivarson Sætre

var ein markant skikkelse i norsk kyrkjehistorie som prærieprest i Nord-Dakota, USA. Han vart fødd i Noreg på 1800-talet og emigrerte til Amerika for å søke ein ny start og for å spreie det kristne bodskapet blant dei norske immigrantane som hadde busett seg på prærien.

Snikkaren - Sjømannen - Presten

Ole Ivarsen Sætre vart fødd på garden Sætre på Radøy 18.august 1853, og døypt i Manger kyrkje same året.

Foreldra, Ivar Nilsen og Marta Larsdotter Sætre var sjølveigarar på eit lite gardsbruk på Sætre. Bruket var ikkje stort nok til å livnære ein heil familie, dei var difor avhengig av anna arbeid, mellom anna fiske. Som vanleg på denne tida måtte også borna hjelpe til i arbeidet.

Faren døydde då Ole var 14 år, og etter at han vart konfirmert reiste han til sjøs i utanriksfart.

Som sjømann "hoppa han av" i New York i 1875. Han drøymde om presteteneste mellom norske emigrantar som kom i hopetal og strøymde vestover på den amerikanske prærien. Han fekk studieplass ved det norske presteseminaret i Marshall,Wisconsin, og vart uteksaminert i 1881. Same år vart han ordinert til prest, og arbeidde den første tida i den vesle norske Augustana-synoden. Frå 1890 tente ha i Den forenede kirke som vart skipa same året.


Sætre var ein lidenskapeleg forkynnar og ein hardtarbeidande prest. Han reiste gjennom dei øde prærielandskapa for å nå ut til folk, sjølv i dei mest utfordrande vêrforhold. Med ei blanding av tru, mot og uthald formidla han evangeliet til dei norske immigrantane, som ofte levde i isolerte samfunn langt frå kyrkjeleg støtte.

Alt frå ordinasjonen i 1881 var Sætre aktivt med og etablerte mange «norske» kyrkjelyder. I tida 1881-1887 er han nemnd som grunnleggar av 16 slike kyrkjerlyder i Midtvesten. Frå 1903 var det Canada som var arbeidsmarka hans, der han tente ulike kyrkjelydar i provinsane Alberta og Saskatchewan. Heile tida utførte han tenesta i ekte "pioner"-and. Han var prest og snikkar så vel som pådrivar.

 
Som prest fekk han ord for å vere ein god songar, ein lyttande sjelesørgjar og talar som på ekte haugiansk vis understreka at omvending var naudsynt. Orgelmusikk var det av økonomiske grunnar ofte lite av i dei første emigrantkyrkjene. På utradisjonelt vis tok Ole Ivarson Sætre gitaren sin i bruk, og slik leia han kyrkjelyden gjennom song og salmar. Sætre tente som prest heilt til han anda ut i 1931, 78 år gamal. Han vart gravlagd i Kincaid, Saskatchewan, Canada, der han sist hadde presteteneste.

Præriepresten Sætre var ein sterk talsmann for den norske kulturen og språket i Amerika. Han arbeidde for å etablere norske kyrkjer og skular, og han støtta opp om norske tradisjonar og skikkar i det nye landet. Gjennom sitt engasjement og si dedikasjon var han med på å forme det norske immigrantmiljøet på prærien og styrka samhaldet blant dei norske amerikanarane. I tillegg til sitt arbeid som prest, var Sætre også ein respektert samfunnsleiar og ein stemme for rettferd og likeverd. Han tok aktivt del i spørsmål som angikk immigrantane, inkludert spørsmål om rettane deira og integrasjon i det amerikanske samfunnet.

Ole Ivarson Sætre etterlet seg eit arv som ein framifrå forkynnar, ein kulturell brobyggjar og ein samfunnsleiar. Han representerte den norske ånden og krafta på prærien, og hans innsats har vore med på å forme historia til norsk-amerikanarane.

På Vestnorsk Utvandringssenter er det reist ein bauta over kyrkjebyggaren. Eit par av borneborna hans var til stades då minnesmerket vart avduka, og dei overlet då til Vestnorsk Utvandringssenter noko av det faste utstyret han bar med seg på prærien: eit nattverdsett, ein mustajsekopp med barberkost og ei andaktsbok. Dette kan ein sjå utstilt i kyrkjekjellaren.

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1