Hopp til hovedinnhold

Opning av Kafe Emigranten

Velkomen til open kafe! Kafe Emigranten opnar torsdag 26. januar kl 11-14.

Kjellaren i Emigrantkyrkja har vore brukt til ulike formål opp igjennom åra, men våren 2020 blei den ominnreia og tatt i bruk som museumskafè. Pandemien kom i vegen for å ta kafeen «skikkeleg» i bruk, men no ynskjer me å komme i gang og invitere folk til å nytta dette koselege lokalet.

Me ynskjer å tilby ein møteplass for folk i Sletta-bygda (og alle andre som måtte ynskje å ta turen), og opnar kafeen vår Emigranten i kyrkjekjellaren kva torsdag mellom 11-14. Kom innom og treff på naboar og kjensfolk. Det blir høve til å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bita i.

Første opningsdag blir 26.januar. Då spanderer me kake og kaffi på alle som kjem innom!

Velkommen!

  • Skilt Kafe Emigranten med gammel flagg fra Norge og USA. Kafe med kaffikopp og kake
    1/1
  • 1/1
  • kaffiservise med bakevarer på bord med duk
    1/1
    Lena Eikeland Kutschera
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1