Vi inviterer til ein koseleg kveld før påsken startar.
Kom gjerne fleire generasjonar til kafe, samvær og påskeverkstad i Kafe Emigranten.Det blir påskekafe med kaffi, salt- og søtmat. Vi leitar fram litt om påsketradisjonar, og det blir mogleg å lage enkel påskepynt av ymse slag.
Ope frå 17.00-20.00
Påskequiz kl 19.00
Det blir ein uformell quiz med spørsmål om påsken og alt mogleg anna. Still med eige lag, eller finn deg nokon å quizze saman med i kafeen!
Bli med og test kunnskapane om påsken- og mykje meir!