- 1/1
I år lagar vi ein vri på Halloweenarrangementet. Du vel sjølv kva tid du vil gå, om det er lyst eller mørkt. Du vil nok få det mest (små)skummelt i mørkret.
Gå ein tur på eigahand eller saman med venner. Vågar du sjå inn vindauga? Her vil du finne skrømt og uhyggelege, småskumle symbol.
Her vil det komme edderkoppar, svarte kattar, gresskar og spøkelser. Kan hende flaksar eit spøkelse forbi, eit sjelett eller dødningsskalle stirar mot deg.
I eit av vindauga vil du finne ein liten film som fortel historia og bakgrunnen for Halloweenfeirings, før den kom til Amerika, og korleis vi har feira den her i Noreg.
Du vil også finne ein liten quiz som du når via ein QR-kode. Send inn svara dine og du er med i trekninga om ein premie!
Tør du ta turen? Finn gjerne fram eigne kostymar og ver med å skremme dei du går saman med.
- 1/4
- 2/4
Lena Eikeland Kutschera | - 3/4
- 4/4