Hopp til hovedinnhold

Reisekisten - minner og mimring

Lyder, lukter og minner. Open dag for alle som vil vere med tilbake til tilbake til 1950-, -60 og 70-talet.
Velkommen til open dag tirsdag 19. september mellom 11-14 i kafe Emigranten på Sletta.

  • Gamle reklamebilder for hår og hudprodukter, og et fotoapparat fra 1950-tallet

Reisekisten – vi reiser i tid og minner

Vi legg til rette for eit gjensyn med mange av dei kvardagstinga og kulturuttrykka som var ein naturleg del av denne brytingstida, men som ikkje lenger er del av  samfunnet i dag.

Hugser du då vi talte tellerskritt når vi brukte telefonen? Har du kokt kaffi på ei perkulatorkanne eller gjekk det i kokekaffi? Kva med radioteateret og høyrespel? Kva filmer var store då du var ung? Korleis pynta du deg når du skulle på dans? 

Vi gjev «flyttnøklar» - flytter folk tilbake i minnene sine, til barndom, oppvekst og ungdomstid. Gjenstandar som bring fram minner og historier, og kan gje høve til mimring og å dele gode opplevingar.

Innleiing og presentasjon kl 11 og kl 12.30. Kom i løpet av dagen, vi held open dag mellom kl 11 og 14.  

I Kafe Emigranten har vi møbler og serviser som i seg sjølve er flyttnøkler, og vi sel vi gode kaker og kaffi. 

Kom til ein koseleg samlingsstund i kafe Emigranten på Sletta. Ta gjerne med ein nabo eller ein ekstra ven i bilen og ta minnereisen saman. Om du trenger hjelp til skyss så ta kontakt med Manger Frivilligsentral.

Arrangementet er del av Den kulturelle spaserstokken og eit samarbeid med Manger Frivilligsentral. 

  • 1/1

Arrangementet er del av Den kulturelle spaserstokken og eit samarbeid med Manger Frivilligsentral. 

Kafé Emigranten Logo med to hender som håndhilser

Kafe Emigranten

Museum, møteplass og kafe i kjellaren i Emigrantkyrkja på Sletta

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1