Hopp til hovedinnhold

RIT - ny musikk til tekstar av Olav H. Hauge

«RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva». Konsertframsyninga i Emigrantkyrkja er del av Nynorskdagane i Alver.

  • Inger Kristine Riber og Reidun Horvei poserer ved utendørs piano ved fjorden
    Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør har samarbeida tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring.RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Verket teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.

Innleiing ved prof. Katherine J. Hanson
Konsertframsyning med Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber

Billetter kr 200,- i salg på førehand på Tikkio eller i døra frå kl 18.30

M E D V E R K A N D E:

Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk.

Pianist og komponist Inger-Kristine Riber er utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk.

Priofessor Katherine Hanson tok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga “Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature). Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor.

Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen
Scenografi: Thomas Pihl

Med atterhald om endringar.Me fylgjer til ei kvar tid retningslinene til styresmaktene og det kan på kort varsel verta fleire tilgjengelege billettar. Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

Støtta av:

Norsk Kulturråd, Vestland Fylkeskommune, FFUK, Sparebanken Vest, Haldor O. Opedalsfond, Vestmannalaget, Einar Langesather, Voss Herad, Ulvik Herad


  • 1/1
  • Nynorskdagane. Logo
    1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1