Hopp til hovudinnhald

Røyster mellom to land

Ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene vert lyfta fram – og let dei få klinga klårt. Gunnstein Akselberg har innleiing før forestillinga.

Ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene vert lyfta fram – og let dei få klinga klårt. Gunnstein Akselberg har innleiing før forestillinga.

Vestnorsk utvandringssenter
08. mars 2026
17.00

Ho kunne vore di oldemor

No får vestlandskvinner som reiste til Amerika nytt liv i Emigrantkyrkja på Sletta 8. mars

– Eg veit at eg aldri kjem til å sjå dykk att.

Bestefaren stod att på kaia då Sigfrid Ohrt reiste frå Noreg i 1901. Ho var berre ti år gammal.

Under overfarten vart mora «hjelpelaust sjøsjuk» og hadde det svært tungt, fortalde ho seinare.

Sundag 8. mars 2026 får slike røyster nytt liv i Emigrantkyrkja på Sletta når konsertframsyninga Røyster mellom to land har premiere.

  • Portrett av ktre kvinner av i dag lagt op på et gammelt foto av fire kvinner stående sammen på rekke mot en uendelig prærieslette med skarp  og snorrett horisont.

Røyster mellom to land tek publikum med inn i eit rikt og sanseleg univers der arbeid, kvardag og store livsendringar glir over i kvarandre. Gjennom song, forteljing og levande historisk materiale møter me kvinner frå Vestlandet som, i hundreåret 1825–1925, valde – eller vart nøydde til – å forlate heimen og søkje eit nytt liv i Amerika.

Framsyninga vekslar mellom varme, humor og rå røyndom. Me får glimt av både det nære og det dramatiske: pakkelister sende frå Amerika, tronge lugarar, uver på havet, lange togreiser – og dei første møta med eit framandt kontinent.

I dette landskapet av arbeid, mot, frykt og von er det songen og forteljinga som bind alt saman. Musikken gjev stemme til det som ikkje alltid let seg seia, medan forteljingane dreg oss tett på livsvala, saknet og håpet. Gjennom heile framsyninga ligg òg spørsmålet om tilhøyrsle: Kvar høyrer me heime når livet har rive oss opp med rota?

Framsyninga er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere 8. mars 2025 – på den internasjonale kvinnedagen – i samband med utvandrarjubileet. Eitt år seinare, 8. mars 2026, møter podkasten scenen i konsertframsyninga Røyster mellom to land, og gjev nytt liv til forteljingane gjennom song, stemme og levande møte med publikum.

Ei oppleving i eit historisk rom

Framsyninga byggjer på brev, dagbøker og arkivopptak og vev saman forteljing og ny musikk.

Katherine Jane Hanson skriv:

– «Røyster mellom to land» er ei hylling til våre norske formødrer – men ikkje berre dei: Det anerkjenner alle kvinner, i fortid og notid, som har migrert frå heimlandet sitt i von om å finna høve til eit betre liv.

– Å løfte desse historiene i Emigrantkyrkja på Sletta kjennest sterkt. Historia sit i veggane her, seier Horvei.

Premiere i Emigrantkyrkja

Premieren finn stad 8. mars 2026 i Emigrantkyrkja på Vestnorsk utvandringssenter på Radøy – eit rom som sjølv har vore på reise, ei norsk kyrkje frakta frå Amerika. I samband med premieren vil Gunnstein Akselberg halda ei innleiing i tilknyting til framsyninga.

Det vert høver for ei kort kafepause i Kafe Emigranten mellom innleiinga og sjølve konsertframsyninga. I i kjellaren i Emigrantkyrkja er den koselege kafeen til Vestnorsk utandringssenter, kor vi har lokalproduserte kaker og museumsbutikk med høve til mellom anna å kjøpe boka Hugs kvinnene

Medverkande

Reidun Horvei – manusutvikling, song og forteljing
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – manusutvikling, komponist og piano

Katherine Jane Hanson - manusutvikling

Gunnstein Akselberg - innleiing

Billett kr 350,- Kjøp på førehand her

Meir informasjon: www.vaagespel.no