Hopp til hovudinnhald

Sendt frå Amerika

Utstillinga viser eit utval av kort, brev og pakkar sendt frå Amerika, og fortel korte historiar om kontakt over havet. Gjennom desse kan vi få små glimt og og fragment av historia. Har du minner om livsteikn frå slekt eller venner i Amerika?

  • Installasjon med mange amerikabrev som flyger opp av en stor postsekk,

Vestnorsk utvandringssenter har ei lita samlingar av brev, kort og bilete, og få gjenstandar som er sendt frå Amerika. 

Har du noko som kan bidra til glimt og fragment av historia? Noko som kan kaste lys over denne tida då så mange nordmenn utvandra? Vise kontakten dei hadde med Gamlelandet, også gjennom generasjonar og frå nyare tid. Dette kan gje gløtt inn i kvardagslivet til dei som reiste og dei som vart attende, og gje oss ei forståing for korleis dette vart opplevd.

Vi er no inne i eit generasjonsskifte, og dei som har hatt tette band til relativt nære slektiningar er i ferd med å forsvinne. Nye generasjonar har ikkje dei same tette banda til firmenningar eller femmenningar, det er gjerne ikkje ei tante eller grandonkel vi kjenner eller har høyrt om.

Ta kontakt om du har ei historie, brev eller ting du vil dele. Vi vil også gjerne ha historier om det du ønskjer å dele med oss. Kven fekk det, var det ofte kontakt, eller var det særskilte høver.

Som museum ønskjer vi også å ta vare på desse fragmenta slik at vi også har historier å fortelje til kommande generasjonar. 

  • Logo Crossings200, de to nuller i tallet skrevet som liggende 8 tall, uendelighetstegn
    1/1
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2