Hopp til hovudinnhald

Tidsmaskina - konsert og kafe

Konsert med trioen Tine Taule, Kai Taule og Christian Øvreaas som spelar blues, jazz, pop og country frå 1950- og 60-talet og fram til i dag.

Konsert med trioen Tine Taule, Kai Taule og Christian Øvreaas som spelar blues, jazz, pop og country frå 1950- og 60-talet og fram til i dag.

Vestnorsk utvandringssenter
09. april 2026
11.00 – 14.00

Trioen tek oss med i ei tidsmaskin

Trioen Tine Taule, Kai Taule og Christian Øvreaas tek med seg instrument og songstemme, og ikkje minst eit knippe musikk av god årgang. Dei spelar blues, jazz, pop og country frå 1950- og 60-talet og fram til i dag. Dei er no på turne med sin tidsmaskin og har hausta særs gode omtaler etter besøk omkring i Bergensregionen. 

Vi har som vanleg kafe og torsdagsmøteplass i kafe Emigranten, men inviterer til å trekke opp i Emigrantkyrkja for konsert kl 12.

Det er open kafe før og etter konserten og du kan kjøpe kaker, kaffi, og suppelunsj. Om de ønskjer å prate for å dele den gode opplevinga etter konserten, som truleg har vekt gode minner, har vi ope kafeen til kl 14, litt lenger enn vanleg.

Konserten er gratis! 

  • KI laget spaserstokk, ikon for museum, g-nøkkel, museum og koffert for tidsreise

Om Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal satsing som skal syta for kunst- og kulturformidling av høg kvalitet for eldre på arenaer dei held til i dagleglivet. Midlane til den kulturelle spaserstokken er løyvd som tilskot frå Vestland fylkeskommune. Alver kommune, ved kulturtenesta er ansvarleg for programmering og organisering av tilbodet i kommunen.