Hopp til hovedinnhold

Torsdagskafe

Kafe Emigranten - møteplass torsdagar
Kom innom og møt folk! Det blir høve til å kjøpe seg dagens suppe, kaffi og noko attåt. Kvar torsdag

  • Dekka kafebord i Kafé Emigranten

Møteplass for alle

Emigranten er kaféen vår på Vestnorsk utvandringssenter. Her har det alltid vore møteplass og samlingsplass. Vi har innreda dette sosiale rommet til en koseleg kafé. Her har vi lagt til rette for at folk skal møtast, prate og ha det fint. Mange er heime på dagtid og vi ønsker alle velkommen.

I kafeen sel vi deilige lefser og kaker laga av Aufera på Manger. Kaffi og dagens suppe vert servert i koppar og skålar som fører minnene til farne tider, samtidig som dei viser også korleis vi er opptatt av berekraft og gjenbruk.

I tillegg har vi einskilde dagar med særleg tema, då annonserar vi dei ekstra. 

Vi held ope kvar torsdag mellom 11 og 14.

Velkommen!

Fire fine fyrer fra Elevbedrift 7. klasse. Fotomontasje over kafe

Elevbedriften tek over kaféen

Kvar første torsdag i månaden kjem ein elevbedrift med karar frå 7. klasse på Austebygd skule og er vertskap på kafeen vår. Dei står då for "hovudretten" i kafeen vår, anten det er suppe, eller eit anna alternativ dei planlegg å servere oss. Vi har likevel dei gode kakene våre frå Aufera.  

"logo" strikkekafe - strikketøy og kaffikoppp

Strikkekafé

Kvar siste torsdag i månaden inviterer vi særskilt til strikkekafé, då kan vert vi glade om det kjem folk med spøt, rokk, saum eller kva dei ønskjer. Folk er sjølvsagt også sjølvsagt også velkommen for ein prat, og kopp kaffi, utan handarbeid.   

  • To hender som helsar i logo til Kafe Emigranten
    1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1