Møteplass for alle
Emigranten er kaféen vår på Vestnorsk utvandringssenter. Her har det alltid vore møteplass og samlingsplass. Vi har innreda dette sosiale rommet til en koseleg kafé. Her har vi lagt til rette for at folk skal møtast, prate og ha det fint. Mange er heime på dagtid og vi ønsker alle velkommen.
I kafeen sel vi deilige lefser og kaker laga av Aufera på Manger. Kaffi og dagens suppe vert servert i koppar og skålar som fører minnene til farne tider, samtidig som dei viser også korleis vi er opptatt av berekraft og gjenbruk.
Om du treng ei gåve i eitt eller anna høve, har vi også ein fin museumsbutikk med bøker og mange lokalproduserte produkt frå museumsbutikkene våre i MUHO. Vi har også cowboyhattar og præriesaker til store og små.
Vi held ope kvar torsdag mellom 11 og 13.
Velkommen!