- 1/1
Om konserten
Tekstar frå Kjersti Isdal si bok “Segner frå Nordhordland,” vert vevde saman med velkjende melodiar frå den klassiske musikktradisjonen og moderne klangar, til dømes av komponisten Torstein Aagaard Nilsen frå vårt eige område.
Her er rom for både alvor og humor – og for å minnast, kjenna att og berre lytta.
Om musikarane
Amalie Duesund, fløyte er fløytist frå Alversund med klassisk utdanning frå Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole. Ho har brei konsert- og orkestererfaring.
Rune Alver, pianist er frå Alversund og har ei lang og rik kunstnarleg karriere. Han har gjeve ut ei rekkje CD-ar og har ein brei konsertaktivitet.
Praktisk informasjon
Søndag 9. august kl 13.00
Billettar kr 250
Kjøp billett på Ticketco
eller Vipps 980 17 270 / kontant i døra
Unge under 18 år gratis
Kombiner gjerne med museumsbesøk
Nyt dagen på Sletta med museumbesøk og konsert.Ta gjerne også ein turi Kafe Emigranten for ein kopp kaffe og ein koseleg stund.
Vi har ope museum med omvisning kl 11 -15, slik at du kan kjøpet billett og få omvisning før eller etter konserten.
Billett kr 140,- til museet der du får omvisning og kjem inn i husa - kr 140,- Born under 16 gratis.