Hopp til hovudinnhald

Ull på Prærien - rag rug med rockering

Fillematter, rag rug - ein gamal måte å utnytte restematerialer, gamle stoff og klede. Vi får eit haldbart og varmt resultat. Rag rugs var laga på prærien, og på mange ulike måter. I år skal vi forsøke oss med rockering!

Fillematter, rag rug - ein gamal måte å utnytte restematerialer, gamle stoff og klede. Vi får eit haldbart og varmt resultat. Rag rugs var laga på prærien, og på mange ulike måter. I år skal vi forsøke oss med rockering!

Kafe Emigranten Vestnorsk utvandringssenter
01. okt. 2026
18.00 – 21.00
  • Hender som vever rundt. Innslag med kraftige røde remser
    1/1

Vi bruker ull og noko som kan være karakteristisk for prærien og det norsk-amerikanske. I Ullveka hos oss har vi fleire gonger trukke fram rag rugs – filleryer, men i ei anna form enn dei tradisjonelle filleryene vi kjenner her hjå oss.

På prærien laga nybyggarane golvmattene, runde eller ovale, som ikkje krevde vanleg vev. I Ullveka gjenbrukar vi gamle ulltepper for å lage matte. Teknikken kan nyttast til å lage bordskåner, sitteunderlag eller golvmatte om du berre får tid til det!

I Emigranten, dvs kafeen og det sosiale rom i kyrkjekjellaren går praten,  og vi starter veving, som vert laga av restematerialar. Vi vever inn gamle stoffer, klede og gode minner, slik norsk-amerikanarane gjorde i husa på prærien.

Vi held materiale og kaffi, viser og fortel, og inviterer til ein koseleg handverkskveld med berekraft, ressursutnytting og sosialt samvær.

ULLVEKA er ei "oval" festveke med ull i fokus. 

 

PÅMELDING

MAX 15 PLASSER

vestnorsk.utvandringssenter@muho.no

Pris 300,-

  • Store mengder remser av fargerike ullstoff ligger krøllet sammen på et bord
    1/2
  • Flettet rund ullmatte, på gulvet ved siden av seng med fargerikt lappetappe
    2/2