- 1/1
Her i Norge er vi kjende med dei lange og korte filleryene. På prærien hadde nybyggarane ein enklare måte å lage mattene, runde eller ovale, som ikkje krevde vev. Ungane vart sette til å sy saman korte stoffrester til lengre remser. Remsene vart fletta og sydde saman, og dei fekk varmande gulvmatter som var brukte i alle rom.
I Ullveka kan du på Ull på prærien gjenbruker vi gamle ulltepper for å du kan lage din eigen matte. Teknikken kan nyttast til å lage bordskåner, sitteunderlag eller golvmatte eller til og med vegg-til-vegg-teppe om du berre får tid til det!
Vi held materiale og kaffi, viser og fortel, og inviterer til ein handverkskveld med berekraft og ressursutnytting.
Samlinga vert i den koselege kafe Emigranten i kjellaren på Emigrantkyrkja på Vestnorsk utvandringssenter på Sletta.
Onsdag 26. oktober kl 17.30-20.30
Pris pr billett: kr 230,- (max 15 deltakere)
Påmelding og billett på Deltager.no
Avdelingsleiar Lena Eikeland Kutschera vil halde kurset.
Arrangementet er del av Ullveka
- 1/2
- 2/2
- 1/1