Hopp til hovedinnhold

Ull på Prærien - Gjenbruk og nybruk av ullteppe

Runde fillematter, rag rug - ein gamal måte å utnytte restematerialer, gamle stoff og klede. Vi får eit haldbart og varmt resultat. Lær korleis hos oss i Ullveka.

  • 1/1

Her i Norge er vi kjende med dei lange og korte filleryene. På prærien hadde nybyggarane ein enklare måte å lage mattene, runde eller ovale, som ikkje krevde vev. Ungane vart sette til å sy saman korte stoffrester til lengre remser. Remsene vart fletta og sydde saman, og dei fekk varmande gulvmatter som var brukte i alle rom.

I Ullveka kan du på Ull på prærien gjenbruker vi gamle ulltepper for å du kan lage din eigen matte. Teknikken kan nyttast til å lage bordskåner, sitteunderlag eller golvmatte eller til og med vegg-til-vegg-teppe om du berre får tid til det! 

Vi held materiale og kaffi, viser og fortel, og inviterer til ein handverkskveld med berekraft og ressursutnytting. 

Samlinga vert i den koselege kafe Emigranten i kjellaren på Emigrantkyrkja på Vestnorsk utvandringssenter på Sletta.

Onsdag 26. oktober kl 17.30-20.30

Pris pr billett: kr 230,- (max 15 deltakere)

Påmelding og billett på Deltager.no

Avdelingsleiar Lena Eikeland Kutschera vil halde kurset.  

Arrangementet er del av Ullveka

  • 1/2
  • 2/2
  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1