Hopp til hovedinnhold

Utekino og påskestemning

Dei nye nasjonale retningslinene gjer at vi diverre må avlyse den planlagde utekinoen til helga. Hold ut, hold avstand!
God påske!

Hurra, endeleg kan vi i samarbeid med Bygdekinoen invitere til UTEKINO igjen!
Ta med stol, kle deg etter været og gjer deg og heile kohorten klar for familiefilmen Finny og Leah - Den hemmelige øya.

Dei planlagde julefilmane på Prærien vart avlyst i fjor haust pga. Covid-19 og nedstenging, men jula varer heilt til påske, Palmelaurdag er vi klare med film, påskestemning og laurdagskos. Det vil verte sal av kinosnop og drikke.Vi tek smittevern på alvor, og oppmodar at familien sitt samla i god avstand til andre. Det er god plass i Prærielandsbyen, og viss alle visar omsyn til kvarandre, skal vi avvikle dette på ein trygg og god måte.

Lørdag 27. mars kl 19.00

VIKTIG OM BILLETTSAL: Pga. smitteverntiltak, legg Bygdekinoen først ut 50 billettar for sal digitalt på www.bygdekinoen.no. 

Dette er fordi at viss veldig dårleg vær, vil filmen verte vist på Samfunnshuset Skogen PalmeSUNDAG kl 18, og inne er det 50 personar på arrangement som gjeld.

Når vi veit om værprognosane er gode, kan vi gjere plass til 200 og selje billettar ved inngangen. Vi kjem med meir info etter kvart. 

Billettpris kr 100,- Aldersgrense 6 år 

  • 1/1

HANDLINGA I FILMEN Finny & Leah - Den hemmelige øya

Bli med og oppdag den hemmelege øya saman med Finny og Leah!

Ombord på Noahs ark, som for tida flyt meiningslaust rundt på havet, bur bestevennene Finny og Leah. Fleire veker har gått og det er framleis ikkje noko land i siktet.Etter ein serie med uheldige hendingar vakner Finny og Leah plutseleg opp på ein aude øy – ei hemmeleg øy. Og det med all maten som var igjen på båten! Mens Finny befinner seg i ein koloni full av vesener som liknar merkelig mykje på han sjølv skjønner han at dei er trua av ein stor og farleg vulkan.

I eit kappløp mot tida må Finny redde sine vener, finne familien sin igjen, og redde ein heil koloni frå total øydelegging. Vil han klare det med hjelp frå sine gode venner?

Eit spanande og morosomt eventyr for heile familien! 

  • Svært mange folk på utekino i kveldsmørke

PS! 

Croods 2 En ny tid - kampen for å overleve annonserte vi først som påskefilmen. Bygdekinoen melder at denne filmen har fått utsatt premieren til juli. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1