- 1/1
Ski, post og gull!
Årets festival tek utgangspunkt i eventyrlystne utvandrarar som tok med seg skisporten til Amerika, men også var med på både gullgraving og utfordrande postlevering til barske områder.
Det vert også i år eit variert program frå fredag til søndag:
Fredagskvelden i Saloonen opnar årets Utvandringsfestival med konsertar
Vi startar med Præriesessions der unge stemmer får ei scene. Her er plass til fleire: ta kontakt om du vil opptre.
Så blir det humor, alvor og høgt tempo med ein gjeng som vil fortelja om livet i grønare strøk: Fela Bale er eit rockeband frå Radøy som spelar sjølvlaga humoristiske songar. God driv, songar på strilemål og ein god dose humor kan ein forvente når Fela Bale set i gong!
The Burning bees er ein duo fra Bergensområdet som møttes gjennom Manger fhs og har drevet med musikk hver for oss, men i fjor høst bestemte dei seg for å danne en duo.
Dei lager musikk med preg fra R&B, indie-rock og en del pop, og speler låter i varierte tempo med vakre melodilinjer og harmonier.
Laurdag er det tid for den tradisjonelle familiedagen på Prærien
Her kan heile familien bli med på aktiviteter med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika. Prøv deg på bogeskyting, lassokasting, gullgraving, laft eit hus eller ta Amerikabilete, skyt med luftgevær eller slapp av kring leirbålet.
Søndag er det duka for festivalmyldring
Det blir festivalgudsteneste i Emigrantkyrkja, markering ved monumenta, aktivitetar, opne hus og utstillingar på Prærien, og eit spanande foredrag ved Gudmund Skjeldal.
- 1/1