I juni var det 25 år sidan den første flyttegruppa reiste til USA og demonterte Emigrantkyrkja. Pga Corona blei markeringa utsett fleire gonger. Vi vil difor leggja markeringa til 2. juli 2022 som del av Utvandringsfestivalen sitt 25 års jubileum. Målet med dagen er at også nye generasjonar skal få kjenskap og eigrskap til Utvandringssenteret.
I 2022 er det Frivillighetens år, dei frivillige bygga opp og dreiv Vestnorsk utvandringssenter frå 1997 til 2010, og etter 2010 har Utvandringssenterets venner er og har vore sentrale i støtte og innsats for Utvandringssenteret, ikkje minst i samband med den årlege Utvandringsfestivalen.
Laurdag 2. juli i Frivillighetens år 2022 vil difor verte VÅR DAG, og ein dag som vi arrangerer i samarbeid med Utvandringssenterets venner, og for å ære dugnadsfolket som har stått på gjennom alle desse åra, og kan hende rekruttere nye frivillige.
Program
12.00-13.00: Kranseseremoni ved bautaene
Leia av Olav Steinar Namtvedt.
Tale ved hovudmonumentet av Karstein Stene.
Musikk ved Sindre Røynstrand Kolås.
kl. 13.00-16: Festivalmyldring
-Ope hus i senteret: Representantar for dei som deltok i flytting av bygningane og anna er fordelt i
dei ulike bygningane.
Husvertane er tilgjengelege for spørsmål frå besøkande som kjem innom husa.
-Kulturelle innslag rundt omkring på området
-Sal av mat.
Pop Up program festivalmyldring:
13.30 Emigrantkyrkja - religiøse songar i Emigrantkyrkja
Songarar:
Veslemøy Soltveit
Heidi Røynstrand Kolås
Jorunn Elisabet Heier
Tomine Gripsgård Lunde
Oda Blomvågnes
Torfinn Heier akkompagnerer på piano
14.00 Amerikafeber del 1 – tablåinnslag frå Amerikafeber
14.30 Bånnsull i Nygbyggarstova
15.00 Amerikafeber del 2 - tablåinnslag frå Amerikafeber
15.30 Fengselsblues med Linn Merethe Myrtveit og Torfinn Heier
HUSVERTAR festivalmyldring
KL 13-16:
Stikk innom for ein prat med husvertane. Dei kan fortelje om flyttinga og om dugnadsarbeidet knytt til dei ulike husa, både i USA og her heime på Radøy.
I Kyrkja
Oddmund Skjelvik
Aslak Lauvrak
Bjarne Hauge
II Skulestova
Kirsten Mellingen
Roald Straume
II Lærarbolig (no 99th bataljon)
Roald Straume
Oddvar Stang
II Præriestova/Tømmerstova/Nybyggerstova
Tore Instebø
John Henning Rath
III Legekontor/prærieklinikken
Håkon Lie
Asgeir Straume
III Fengsel og Rådhus
Svein Bjørn Losnegård
Arnulf Hjelmtveit
kl. 18.00- 22.00: Festkveld i Samfunnshuset.
Tre ulike samtalepanel leia av Olav Steinar Namtvedt.
Panela består av frivillige som har bidratt på ulike område og med ulike oppgåver gjennom oppbygginga og drifta at Utvandringssenteret.
Festtale ved Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland.
Musikk ved Frode Skag Storheim, Jarnfrid Gunnarson og Sindre Røynstrand Kolås.
Mat: Gryterett m/ tilbehøyr.
Pris kr. 450. Betaling: kontant eller vipps.
Bindande påmelding innan 20.6.22 til Utvandringssenterets venner v/
Anne-Karin Natås: a-nataas@oline.no - telefon 970 33 120
Kirsten Skage Mellingen: kirskamel@gmail.com - telefon 473 04 644
Oddmund Skjelvik ……………………………….-telefon 988 87 200
Pga. matbestilling, ber vi om at fristen blir halden.