- 1/1
Viktig steg på vegen til Samlingssentrum Vestland
Fylkestinget i Vestland har hatt sitt siste tingsete i år, og vi er svært glade for at dei har hatt moglegheitsstudien for «Samlingssentrum Vestland» på saklista. Det er no bestemt at Vestland fylkeskommune tek på seg arbeidet med å vere byggherre for det nye bygget som skal huse konserveringsatelier med tilhøyrande infrastruktur, kontor og fellesmagasin for musea i fylket.
Det er ein viktig milepåle som er sett opp med dette vedtaket. På Bevaringstenestene er vi klare til å bidra med vår kompetanse for at Samlingssentrum skal bli eit funksjonelt, berekraftig og tidsmessig bygg med alle dei funksjonane som trengst for ei fagleg god samlingsforvaltning.