Lygra Gjestegard

Overnatt i lensmannshuset frå 1770!

Det store gjestehuset er eit restaurert, gammalt lensmannshus frå Eikangervåg, demontert og gjenreist på garden. Her er nye og gamle stilepokar frå by og land foreina i eit triveleg interiør. 

Huset har sju soverom, med sengeplass til 12–18 personar, fem bad, eit stort og godt kjøkken og to koselege stover, ei peisestove, bibliotek og ei spisestove som også kan brukast som møterom. I tillegg kjem rom i to andre hus på gardstunet. Den totale overnattingskapasiteten er opp til 18 personar i enkelt-/dobbeltrom.

Gjestegarden ligg på nabobruket til Lyngheisenteret (ca. 100 m unna), og er eigd av Ole Mathias Lygren. 

Lilla lyngblomar. foto, nærbilete (Foto/Photo)

Bestill overnatting

Ta kontakt med Heidi Folkeseth på Lygra Gjestegard.