Agnes Mathilde Wergeland
ville kjempe for å vinne ein plass i det overveldande maskuline akademiske samfunnet- og greidde det.
I 1883 reiste ho til München, der ho budde hos broren Oscar og familien. Heller ikkje her kunne ho formelt bli student ved universitetet, men ho følgde førelesningar i kunsthistorie også her og studerte på eigen hand. Då broren flytta tilbake til Norge, blei ho tvungen til å avslutte studiene sine og returnerte til Oslo i 1885.
Agnes hadde no gode kvalifikasjonar som lærar, og svært god kunnskap innan tysk, fransk, latin, engelsk og gammal-norsk, i tillegg til djuptgåande kunnskap innan kunsthistorie. Likevel var det umogleg for henne å få jobb i Norge. Hennar kopling med kvinnesaksrøyrsla stod i vegen.
Ho fortsette sine private studiar, men fekk framleis ikkje lov å skrivast inn eller ta eksamenar ved Universitetet i Oslo. Universitetet i Zürich tilbydde kvinner å studere, og Agnes bestemte seg i 1888 for å skrive seg inn der og ta ein doktorgrad.
Ho blei den første norske kvinna som studerte i Zürich, og den første norske kvinna nokon sinne til å ta ein doktorgrad. Ikkje berre det, men ho fullførte studiet på halve tida.
Etter å ha fullført studiet var vegen vidare uviss. Eit par år tidlegare hadde ho fått råd frå Aasta Hansteen om at Amerika var «det første stedet paa jorden for kvinder»:
Wergeland søkte og fekk eit stipend ved Bryn Mawr college utenfor Philadelphia, eitt av fleire kvinnecolleger som blei etablert i Amerika på denne tida. Mellom 1890-1893 studerte ho romersk lov og amerikansk og engelsk historie, og underviste etter kvart i kunsthistorie. Ho fekk svært låg lønn og kjempa stadig for å tene nok pengar til å klare seg. Ho fekk ikkje fornya tilsetjinga si i 1893, og budde fram til 1895 hos venner og publiserte nokre artiklar i amerikanske fagblad.
Deretter gjekk ferda til Chicago, der ho registrerte seg som student ved universitetet. Innan kort tid fekk ho jobb med å halde førelesningar for andre studentar. Det var svært lite å tene på dette arbeidet, og ho levde i en svært knapp økonomisk situasjon dei neste åra. I denne perioden søkte og fekk ho amerikansk statsborgarskap. Det var på denne tida kvinner fekk stemmerett i Amerika, og Agnes såg at moglegheitene for henne var større her enn i Norge.
I Wyoming skapte Agnes Wergeland seg eit liv.
Dei siste 12 åra av livet levde ho saman med Grace Hebard. Hebard var også professor ved universitetet, og hadde hatt ein tilsvarande kamp som Agnes for si utdanning og stilling. Saman bygde dei to huset The Doctors Inn og seinare også tømmerhytta Enebo på tomten Lille Norge lenger oppe i fjella.
Agnes heldt stadig tett kontakt med kvinnerøyrsla i Norge. Ho fekk tid til å skrive poesi, og gav ut 2 diktsamlingar. I dikta skreiv ho om Amerika og immigrantens erfaringar, ho skildra amerikanske friheitsideal, reisa over havet, urinnvånaranes liv, arbeidet og heimlengta.
I 1914 blei Agnes Mathilde Wergeland sjuk og døydde etter kort tid. Ho vart heidra med ei bronseplate ved historisk fakultet på University og Wyoming, og er gravlagd i Laramie, Wyoming saman med Grace Hebard.
Kilder og referanser
- Michelet, Maren (1916) Glimpses from Agnes Mathilde Wergeland's life Url: https://babel.hathitrust.org/cgi/pt?id=umn.319510010751559&view=1up&seq=9
- Løken, Lise (2007) Dr.Agnes Wergeland. What can we learn from her life story? Minoritetar- frå Noreg til Amerika , foredragshefte frå seminar ved VUS 1.juli 2006 2007
- Agnes Mathilde Wergeland: En glemt kvinnelig lyriker Julia Martinčič, Kildens nyhetsmagasin Url: https://www.kvinnehistorie.no/artikkel/t-5542
- Marit Grøtta (2020) Amerikansk eksil. Om Agnes Mathilde Wergelands Amerika og andre digte (1912), kvinnesaken og tidens Amerika-bilder Edda 1/2020 , s. 19-33
- Rødland, Kjartan (2012) Draumen vart verkeleg Sletta : Vestnorsk Utvandringssenter