Hopp til hovedinnhold

Bataljon 99

Minnesteinen over 99th Infantry Batallion(Separate) på Sletta vart avduka 6.juli 1997. Den forteljer historia om The Viking Batallion, ein separat amerikansk bataljon under 2.verdskrig der kommandospråket var norsk.

Etter angrepet på Pearl Harbour 7.desember 1941 beslutta USA at dei ville sette opp eigne avdelingar av amerikanske soldatar frå spesielle etniske grupper for innsats i okkuperte land. I 1942 starta arbeidet med å rekruttere og etablere fem bataljoner:

1st Filipino Infantry Battalion: filippinsk

99th Infantry Battalion(separate): norsk

100th Infantry Battalion(separate): japansk

101st Infantry Battalion(separate): østerriksk

122nd Infantry Battalion(separate): gresk

It is desired that you take the necessary steps to organize at the earliest practicable date a battalion of Norwegian nationals to serve as a part of the United States Army. This unit will be organized as an infantry battalion. Similar units, either Norwegian or other nationalities, may be organized later ...

Commanding General, Armed Ground Forces, 9th May 1942

99th Infantry Battalion (Separate) var opprinneleg tiltenkt oppdrag under ein alliert kampanje i det tysk-okkuperte Norge. Soldatene i Bataljon 99 måtte beherske det norske språk, og dei som kunne stå på ski blei føretrekt. 

Mannskapa blei rekruttert blant første- og andregenerasjon norske innvandrarar til USA, i tillegg til ein vesentleg andel nordmenn, hovedsakleg sjøfolk, som var stranda i USA etter krigsutbrotet. Desse verva seg i den amerikanske hæren og fekk amerikansk statsborgerskap før dei gjekk i kamp.

Bataljonen vart oppretta i Camp Ripley, Minnesota juli 1942, og var tilknytta Second Army, som ein separat eining. Mannskapsstyrken utgjorde i overkant av 900 mann.

I oktober flytta bataljonen til Fort Snelling, Minnesota, deretter i desember til Camp Hale i Colorado. I Colorados fjell fikk de spesialtrening sammen med en divisjon på 14000 mann. 

Leiren låg 2800 meter over havet, og soldatane måtte lære seg å takle bratte fjellandskap og iskaldt vinterklima. Norge var lenge planlagt som mål for dei alliertes invasjon mot Nazi-Tyskland, og bataljonen gjekk difor gjennom derfor den mest intensive fjell- og vintertrening nokon amerikansk avdeling har fått.

5.september 1943 blei Bataljon 99 utskipa frå New York til Skottland. Her blei dei stasjonert for infanteritrening. Bataljonen kom aldri i kamp i Norge, men kom i land på kontinentet med dei amerikanske invasjonsstyrkane. Der kjempa dei nokon av krigens hardaste slag.

Den 22.juni 1944 vassa dei i land på Omaha Beach, omgitt av falne amerikanske soldatar og stadig under tysk bombardement.

Etter kvart blei dei flytta nordover og deltok i sluttkampane om Cherburg, som del av styrken som skulle «reinske opp», nedkjempe lommer av fiendtlege avdelinger som nekta å kapitulere. Frå september opererte bataljonen i Belgia, og jula 1944 var dei involvert i Ardennerslaget.

I januar slutta dei seg til 474th Regiment, blant anna med føremål å førebu ein invasjon av Norge. Våren 1945 bestod Bataljon 99 sine oppgåver hovedsakleg av patruljering og nedkjemping av lommer med framleis tysk motstand i Tyskland.

Omsider gjekk Bataljon 99 saman med andre element frå 474th Regiment i land i Norge i juni 1945. Den 7.juni var bataljon 99 æresvakt ved Kong Haakons heimkomst då han steig i land i Oslo. Dei deltok i vakthald, avvæpning og heimsending av tyske styrker, før dei returnerte til USA den 17.oktober 1945.

Bataljon 99 hadde 101 dager i strid. Tapstallene var 52 falne i kamp med fienden, 207 sårede og 6 savnet i kamp.  Avdelingas soldatar fekk tildelt ei rekke utmerkingar etter krigen.

På Vestnorsk Utvandringssenter har vi ei samling av gjenstandar som fortel historia til ein av soldatane som tenestegjorde i Bataljon 99. 

John Pettersen var til sjøs då krigen braut ut i 1940. Han gjekk i land i New York og melde seg der til militærteneste, og blei ein del av den norske bataljonen som kjempa i Europa.

Dette kan du lese meir om her:

Bilde frå Forsvarsmuseet Rustkammeret
Bilde frå Forsvarsmuseet Rustkammeret

Operasjon Rype

Under opphaldet i Camp Hale i Colorado blei ei gruppe frivillige, 80 menige og 12 offiserar, plukka ut til til å delta i Norwegian Special Operations Group(NORSOG) Dei var tenkt som operative spesialgrupper for innsats i Norge. Gjennom 1944 blei mannskapa brukt i operasjoner bak tyske linjer i Frankrike, og tidleg i 1945 blei dei sett inn i Norge.

Operasjon RYPE var kodenavnet på den amerikanske fallskjermstyrken, the Norwegian Operations Group (NORSO), som ble droppet i Snåsafjella 24. mars 1945. Operasjonen hadde som mål å sabotere jernbanen for å forsinke de tyske troppenes tilbaketrekning. For å få inn nødvendig utstyr til aksjonene ble det sendt fly fra England og Skottland. Rype var den eneste amerikanskledede operasjonen på norsk jord under andre verdenskrig. Styrken i Snåsafjella var hovedsakelig norskamerikanere og hadde base ved Gjevsjøen. Operasjon Rype var US Armys første og eneste kombinerte ski- og fallskjermoperasjon.

På minnesteinen på Vestnorsk Utvandringssenter står følgende tekst:

2.verdenskrig- United States Army Ski troopers - 99th Infantry Battalion (Separate)

Normennene

Da 99.bataljon ble mobilisert den 10.juli 1942 i Camp Ripley, Minnesota, var den satt sammen kun av nordmenn, menn som hadde emigrert fra Norge for å slå seg ned i Amerika samt etterkommere av nordmenn som hadde immigrert tidligere. De trente i Camp Hale, Colorado, og deltok i harde ski og fjelløvelser.

Normandie Nord-Frankrike

Ardennene Rhinland Sentral-Europa

Utmerkelser

# Presidential Unit Citation

# Belgian Croix de Guerre

# French Croix de Guerre

Ankom 5.juni 1945 Camp Smestad, Oslo. Stod æresvakt ved Kong Haakons hjemkomst den 7.juni. Deltok i fjerningen av alle tyske styrker fra norsk jord. Forlot Norge den 15.oktober og reiste tilbake til Amerika. Demobiliserte 11.november i Camp Miles Standish Massachusetts.

Frigjøringen av Norge 8.mai 1945

Kontoret for strategiske tjenester

O.S.S NORSO -- RYPE group - spesialstyrker

The Rype Group ble droppet i fallskjerm over Norge den 24.mars 1945 for sabotasjeoppdrag og senere tilsluttet undergrunnsbevegelsen for frigjøring av Norge.

Som sagt av en ukjent 2nd armored division major på slutten av angrepet gjennom Nord-Frankrike: 

Denne viking bataljonen er det eneste infanteriet tanksen hadde problemer med å holde følge med

  • 1/1

Kilder og referanser

  • Nyquist, Gerd (1981) Bataljon 99 None :
  • Offisiell heimeside for Bataljon 99 Url: https://www.99battalion.org/
  • Lingjerdet, Frode (2016) Kampen om Nordlandsbanen 1944-45 None : Ares Forlag
  • Rødland, Kjartan (red) (2013) Draumen vart verkeleg- Vestnorsk Utvandringssenter 1997-2012 Sletta : Vestnorsk Utvandringssenter
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1