Hopp til hovedinnhold

Elise Wærenskiold

emigrerte til USA i 1848, med eit ynskje om å frigjere seg frå alle dei tradisjonelle banda og restriksjonane kvinner opplevde. Etter at mannen hennar vart myrda i 1866, styrte ho farmen åleine. Ho var ei klartenkjande kvinne, og som forfattar vart ho respektert og sjølvstendig. Ho trudde at kvinner hadde same rett til arbeid og yrke som menn, men ho var like glødande når det gjald menneskerettar i det heile. Ho var sterk motstandar av slaveriet. Breva hennar heim var meisterstykke, og slik fekk ho namnet Kvinna med pennen.

Elise Tvede vart fødd i 1815 i Tvedestrand, som dotter av soknepresten og einebarn. Foreldra kom frå Danmark. Elise fekk som andre «dannede» piker god utdanning heime med privatlærar. Skuleringa blei nok ikkje gitt for å kunne ta eit framtidig yrke, men for å kunne hjelpe i eit framtidig liv som  husmor og for å kunne behage sine omgjevnadar. Piker skulle oppdras til å bli inntagende, lydige, stille, føyelege,  beskjedne, audmjuke og underdanige.

Då faren døydde kring Elises 18-årsdag, opna det derimot muligheter for den unge damen. Som 19-åring begynte ho som lærerinne, eit sjeldan steg for kvinner på denne tida. Det var heilt uvanlig at unge embetsmannsdøtre tok betalt arbeid.

Ho opna ein handverksskule for kvinner i Lillesand, heilt utan offentlege midler.

 I 1839 gifta ho seg med den unge kapteinen Svend Foyn. Han blei seinere grunnlegger av den norske kvalindustrien. Ekteskapet endte hausten 1842 i noko så sjeldan som ein separasjon. Dei hadde ingen barn saman, og brotet var udramatisk, men i nærmiljøet blei det sett på som ein skandale. Skilsmisser var ein sjeldenhet i 1840-åras Norge, kanskje så lavt som to-tre stykk i året. Det var Elise som tok initiativ til å få ekteskapet oppløyst.

Vi passet ikke sammen. Det var kun uoverenstemmelse i vår karakter som gjorde vårt samliv mindre lykkelig, og da vi ingen barn fikk, ble vi enige om å skilles

Elise Tvede

Svend og Elise skiltes som venner og holdt kontakten resten av livet. Seinere, etter hennes annen manns død, hjalp Foyn Elise med betydelige pengegaver.

Ein av familiens nære venner, Johan Reinert Reiersen, var av dei største forkjemparane for norsk utvandring til Amerika i 1840-åra. Då Reiersen emigrerte til Texas i 1846, tok Elise over redaktørjobben hans for bladet Norge og Amerika. Her tok ho avstand frå den verda ho var vaksen opp i. Ho skreiv om fordelane med utvandring og migrasjon som ein måte å hjelpe dei fattige i samfunnet. Som motstandar av det sosiale klasseskiljet hadde ho ukonvensjonelle idear og tankar, og ynskja å bryte ut av dei sosiale reglane og normane som gjald for kvinner på den tida. Likevel måtte ho skrive artiklane sine «forkledd som mann», og signerte kun med initialane E.A.Tvede.

 Begge foreldra hennar var på dette tidspunktet døde, og ho hadde ingen familie i Norge. Ho følte seg aleine i verda, og var økonomisk uavhengig. I 1847 bestemte ho seg for å følge sine politiske og ideologiske overtydingar og emigrerte for å få fridom til å definere seg sjølv og livet sitt. Ho forlot Norge inspirert av uortodokse, ukonvensjonelle idear og tankar. Mange skreiv om kvinners rettigheter på midten av 1800-talet, men Elise var av dei få som gjorde noko med det.

Saman med ei gruppe norske utvandrarar busette ho seg i området kring Four Mile Prairie i Texas. Ho skreiv heim at Texas sto langt framfor Norge når det gjaldt menneskerettar, og rettar for kvinner. Mellom anna kunne også kvinner claime eit landstykke her, under den sokalla Homestead act. Her var moglegheiter for å kunne stå på eigne bein utan ein mann. I Midtvesten fekk kvinner tidleg stemmerett og kunne drive eigne forretninger.

Fattige i norsk betydning, findes ikke her

Elise Wærenskiold, Texas 1848

Her møtte ho eit klima som var mildt og behagelig, og likte utfordringa med «at skabe en civilisation du av vildnisset». Ho gifta seg igjen, med den 7 år yngre dansk-norske Wilhelm Wærenskjold som kom til USA saman med henne. Dei dreiv gardsbruk og fekk 3 sønner.  Dei tok del i det norske samfunnet og den lutherske kyrkja, og var begge engasjerte i avhaldsrørsla. Dei oppmoda til måtehald med brennevinet, ikkje fordi det var moralsk galt, men av fysiske og mentale årsakar og personleg helse.

In the older Norwegian settlement there is a disgusting amount of drinking, among both the Norwegians and the Americans. A young Norwegian boy shot himself as a result of his addiction to drink, and recently an American was stabbed to death by another American, likewise because of drunkenness. Drinking, quarreling, and fighting are common there. Yes, liquor destroys both body and soul.

Elise Wærenskiold

Heller ikkje dette ekteskapet blei slik Elise hadde sett for seg. Ho klaga i brev over at dei sto langt frå kvarandre i religiøse spørsmål, og den nye ektemannen var ikkje særleg flink økonomisk eller til å drive jordbruk. I 1866 døydde den yngste sonen deira, og same år blei Wilhelm myrda av ein nabo.

Frå då av tok Elise kontroll over gardsdrifta. Ho tok aktiv del i eit nybyggerliv der dagane var opptatte av avlinger, husdyr og hardt arbeid. Ho skreiv stadig heim til Norge, og blei publisert i norske aviser.

Ho fortalde om korleis klimaet i Texas gav gode avlingar som berre krevde «en fjerdedels av det arbeid en måtte lagt ned i hjemlandets klima.» Skildringane hennar av naturressursane og tilgjengelighet på land lokka mange til å emigrere frå Norge til Amerika. Ho fortalde om USA som eit land med mange muligheter.

Breva til vennar og familie i Norge maler eit levande bilete av korleis livet var i Texas i midten av 1800-talet, der folk skapte nye måtar å leve saman på og nye samfunn oppsto. Ho fortalde om korleis ho underviste dei norske barna, organiserte hudstenester, tok initiativ til å bygge skule, kyrkje og samla inn penger til å lønne ein prest frå Norge. Ho starta bokklubber, studiesirkler og skreiv avisinnlegg både i Amerika og Norge om emigrasjon og slavespørsmålet.  

Dei norske immigrantane som budde i småbyar i øst-Texas, var fortrulege med den dominerande slavekulturen, og det var slett ikkje uvanleg å eige slavar. Også Wærenskjoldfamilien leigde i periodar slavehjelp til å utføre arbeid på garden, noko som sto i kontrast til Elises haldninger. Ho stod opp mot slaveri og meinte at ulike raser, i likheit med kjønn, burde behandles likt.

Hvordan ville hvite menn likt at være slaver, at blive skilt fra ektefelle og barn når som helst det måtte passe deres overordnede, at se våre barn leve i fattigdom og uvitenhed uden den minste mulighet til nogen gang at kunde bryde ud av den status vi bliver født inn i, selv om vi måtte ha de største evner og vilje til at leve? Folk flest ville svare et rungende: Nei!

Elise Wærenskiold

Etter 46 år på prærien døydde Elise Wærenskjold i 1895 i heimen til sin eldste son Otto i Texas.  Hennar historier og brev frå norsk busetnad i Texas er ei hovudkjelde til norskamerikansk historie.

Elise vakte oppsikt i sin samtid. Hennar haldningar og handlinger var nye og utypiske for miljøet ho kom frå, og hennar vakne samfunnsengesjement sjokkerte mange. Ho var evnerik, og braut og gjekk utover det begrensninger som var gitt for dåtidas kvinner. Verda var i endring, og ho var av dei som gjekk føre.

  • 1/1

Kilder og referanser

  • O. Øverland og S. Kjærhiem (bd. 1–3, 1992–93) Fra Amerika til Norge. Norske Utvandrerbrev 1838–1857 None :
  • C. A. Clausen (1959) A Texas Manifesto. A Letter from Mrs. Elise Wærenskjold Northfield :
  • Norwegian-American Historical Association The Lady with the pen: Elise Wærenskjold in Texas Url: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007030801095
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1