Hopp til hovudinnhald

Lærarbustaden

Lærarbustaden var det eldste huset som enno fanst i småbyen Brampton, Sargent County i Nord-Dakota då det vart flytta til Sletta i 1997.

  • Lite brunt hus med svær skorstein murt i stein på eine kortveggen
    1/1
    Det vesle præriehuset har skorsteinen på utsida

Byggjeåret er ukjend, men eldstaden i huset peiker attende til den tidlegaste landtakingstida i området. Skorsteinen står på utsida av stoveveggen med ein innebygd eldstad som vart fyrt frå innsida. Tømmerhuset har berre eit rom, og denne konstruksjonen vart brukt av dei første norske immigrantane i Midtvesten. Lærarbustaden er såleis også eit minne om korleis nybyggjarane i tida etter jordhytte-perioden (sod houses) kom seg under tak til vinteren, før dei hadde dyrka opp nok jord til å kunne sjå seg råd til å byggja eit større og betre hus.

  • Kvinnelig lærer sitter omringet av barn, elever som leser i hver sin bok
    1/1
    illustrasjon

Education is the most important subject which we as people can be engaged in

Abraham Lincoln

I nybyggersamfunna på prærien var skulen og læraren viktig. På begynnelsen av 1800-talet var det vanleg at læraren kom rett frå skulebenken sjølv, etter eit kort lærarkurs. Etter 1850 blei det vanlegare at ein fulgte ei to-årig lærarutdanning. Det blei og vanlegare at kvinner jobba som lærarar, spesielt under og etter borgarkrigen, og rundt århundreskiftet var opp mot 75% av lærarane kvinnelege.

Om det var mannleg eller kvinneleg lærar i Brampton fortel historia vår ikkje noko om, men vi kjenner til at lærarbustaden var i bruk og husa skulestyraren i Brampton og familien fram til midten av 1930-åra. 

Sanford og Genevieve Cooper var dei siste eigarane av lærarbustaden, og donerte huset til Vestnorsk Utvandringssenter i 1997. Huset vart gjenreist og sto klart som ein del av prærielandsbyen i år 2000.

Lærarbustaden har romma fleire utstillinger, og fram til våren 2024 kunne ein her sjå utstillinga Minne frå ein krig, ei samling gjenstandar og bilete frå 2.verdskrig og den 99.bataljon. 

Museum24:Portal - 2025.03.06
Grunnstilsett-versjon: 2