Krigsseglarmonumentet
Ved Emigrantkyrkja er det reist ein minnestein over krigsseglarane som deltok på verdshava under krigen.
Bautaen er æresminne over alle krigsseglarane i den norske handelsflåten og andre krigsveteranar som verja fedrelandet, fridom og sivilisasjon under andre verdskrig 1939-1945, og som seinare busette seg utanlands.
Det var hjem vi sjøfolk skulle
Då 2.verdskrig var over, var det mange av sjøfolka som ville heim til eit fritt land og familie og venner som venta heime. Men ikkje alle vende heim. Ein del busette seg i utlandet, og vart ein ny gruppe med norske utvandrarar.
Nortraship hadde samla opp lønnsmidlar som skulle vore utbetalt sjøfolket, men etter krigen var pengane borte. Mange av sjømennene var traumatiserte etter krigsinnsats og torpedering av konvoiar, i transport for dei allierte styrkane. Den viktige krigsinnsatsen deira vart neglisjert av norske myndigheiter og mange vart dårleg behandla, noko som førte til at mange flytta frå Norge for godt.
Av over 35 000 sjøfolka på den norske flåten i utanriks, var det mange tusen som slo seg til for godt ute, i mellom anna USA, England og Australia. Det var eit sterkt samhald mellom krigsseglararne, og krigsseglarklubbar vart danna over store delar av kloden.
Dette er eit påminningsmerke, eit minnesmerke som vil vera eit kraftig signal til dei som vart verande i utlandet, om at dei ikkje er gløymde.
Æresminne over alle krigsseglarane
I den norske handelsflåten og andre krigsveteranar
som verja fedreland, fridom og sivilisasjon
under andre verdskrigen1939-1945
og som seinare busette seg utanlands
Særleg hugsar vi krigsseglarklubbane i Seattle- New York- Chicago- Los Angeles(San Pedro)- New Orleans- San Francisco- Vancouver,B.C.- Liverpool- Durban- Melbourne- Sydney- og grupper andre stader i verda
NOREG TAKKAR
Steinen er reist ved Den norske sjømannsmisjon, Veteranrådet 1940-1945 Vestlandet, Seattle Bergen Sister City Assosiation, Norwegian Commercial Club- Seattle og Leif Erikson Lodge no.1, Sons of Norway Seattle
Vil du læra meir om krigsseglarane?
Kilder og referanser
- Rødland, Kjartan (2012) Draumen vart verkeleg Sletta : Vestnorsk utvandringssenter
- Store norske leksikon (2024) Krigsseiler Url: https://snl.no/krigsseiler