Hopp til hovedinnhold

Utvandringsfestivalen 2022 - Seremoni ved monumenta

Utvandringsfestivalen 2022 - Dugnadsfolket. 2022 er Frivillighetens år og sammenfaller med 25 årsjubileum for oppstarten av Vestnorsk utvandringssenter, då Emigrantkyrkja kom og vart tatt i bruk. Årets hovudtalar var Karsten Stene ved hovudmonumentet. Her kjem talen han haldt ved seremonien ved monunenta laurdag 2. juli

  • Tale ved bautastein
    1/1
    Karstein Stene hovudtalar ved monumenta. Olav Steina Namtveit leia seremonien.

Det er den Draumen me ber på som vart verkeleg

Gode stemnefolk! 

Det er her i dag gitt meg eit ærefullt oppdrag, nemleg å ynskja godtfolk velkomen her til Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta, for å vera med på å feira Utvandringssenteret sitt 25. års jubileum, dette  store dugnadstiltaket på Sletta, Radøy i Alver kommune, region Nordhordland.

Eg kjenner Nordhordland godt, det våre forfolk og noverande busetjarar har bygd i tradisjonen for å ta vare på minner om tiltak og om folk som for føre oss, deira levemåtar, skikkar i tru og verke, kor slekt fylgde slekters gang, den tradisjonen er velkjent. Dugnad i so mangt på bygdene i Nordhordland. Desse dugnadstiltaka er  er legendariske, kaibygging, pliktdagsverk vegbygging, bedehus for dei mange som verna om si kristne tru,  meieribygg,  butikkdrift, fotballstadion  og mangt anna. Ikkje å gløyma  kyrkjebygging som dugnadstiltak i  fleire stader i regionen.

Men, den aller største dugnaden eg veit av i Nordhordland er den som er utført på Sletta og av folket på Sletta, bygder ikring og mange andre utanfrå bygda. Det er Vestnorsk Utvandringssenter. I mine auger er dette det aller største frivillige prosjekt i Nordhordland.

... er alle like viktige for innsatsen, det er berre å visa til hjulet, kva for ei eike i hjulet er den viktigaste? Kva og ei av eikene er like viktige for å halda vogna godt på vegen for å nå reisemål og resultat.

At denne dugnadsinnsats skal markerast i Frivilligåret 2022 er berre heilt rett og rimeleg. Kor skulla ein markera ein slik milepel som Frivilligåret  utan at dette skulle feirast akkurat på Sletta, her kor Vestnorsk Utvandringssenter er bygd og med kyrkja, heimført frå Amerika er høgdepunktet, seinare ogso Prærielandsbyen Ja, det kan ein spørja seg om.

"Det var ein gong", slik tek alle eventyr til i tekst. Slik på Sletta ogso. Det er so mange her i bygdene som er det me kan kalla for «tiltakshavar» til ideen om å reisa til «det forgjettede land, Amerika» for å henta heim ei kyrkja, som norske utvandrarar hadde bygd i Brampton i Nord Dakota, at eg ikkje vil nemna einskildnamn her i dag. Lista syner over 100 personar som frivillig ville yta for å nyta og med stor glede for tiltaket gjekk dei til aksjon.

Desse var og er alle like viktige for innsatsen, det er berre å visa til hjulet, kva for ei eike i hjulet er den viktigaste? Kva og ei av eikene er like viktige for å halda vogna godt på vegen for å nå reisemål og resultat.

Dette ville dei leva med i nylandet og. Difor vart det bygd mange kyrkjer i Amerika for dei norske, spesielt i Dakotaterritoriet, Wisconsin. Minnesota, Iowa m.a.

Tida går, dei som emigrerte til Amerika bygde seg kyrkjer der dei busette seg, i von og tru på å leva etter den kristne lære og vera kyrkjegangarar, ein skikk dei tok med seg frå gamlelandet og som ogso var tradisjon i det nye landet. Tida er som alltid, slekt føl etter slekt. Dei som kom og tok land vart eldre og døydde ut. Generasjonane som kom etter hadde andre skikkar, for dei var ikkje like interessert i den tradisjon som forfedrane deira levde etter.

Det var kome Slettafolk for øyra at det skulle rivast ein kyrkje i Brampton, Nord Dakota, ei kyrkje som  som var reist av norske emigrantar i 1907

Denne Kyrkja i Brampton forfall, dei var ikke der lenger dei som bygde i von og tru, det må ha falle mange tårer frå dei gamle som no måtte ta farvel med sitt landemerke i grenda. Dei makta ikkje å vedlikehalda sitt gamle fastmerkje i Brampton.

Det er ikkje mi oppgåve her på Sletta i dag å snakka detaljert om dette prosjektet, det er gjort på betre måte i bøker og talar gjennom 25. år, fram til denne jubileumsdagen i Frivilligåret 2022

Sletta var ei utkantgrend i den gamle og store Lindås Kommune. Dei vart difor ikkje mykje tilgodesett med det me i dag kalla for kommunale velferdsgoder. Dei måtte greia seg sjølv og dei so gjorde.

Sjøl vart eg tidleg kjent med denne bygda, far min var bygdelensmann i Lindås frå 1931 og til 1967. Han tok seg fram i kommunen på sykkel og i robåt. Som gutunge tigga eg meg til å vera med på roren til Sletta i 1940 åra for då fekk eg fiska litt på heimroren utanfor Lurekalven. Niste åt me på tofta.

Eg synes at eg har kjent Slettebygdene i heile mitt liv, det er difor ei ære for meg no i alders år å koma til Sletta i jubileumsstemning.

  • Flaggvakt ved bauta, flagg fra Norge og USA ved kransenedlegging
    1/1
    Flaggvakt ved bauta

Det er dråpen som uthular steinen

Slettafolket er eit merkjeleg folkeferd, «vanlege folk» som det so populært kallast politisk, mettast for kvar grautskei som dei får ned i magen, men Slettafolket er  noko for seg sjølv, hjå dei auka apetitten medan dei et.

Dei vil vidare, dei kjenner ogso godt til uttrykket: - Det er dråpen som uthular steinen - Stadige drypp,  stå på., stå på. Klarar du den so klarer du den.

Slettafolket treng mange lovord for sine frivillige dugnadar.

I tillegg til førnemnde dugnadsarbeid av folket her, kom i tillegg Idrettsbane, Samfunnshus, store dugnadstiltak i ei lita bygd på Strilelandet.

So tok dei seg på tak med å utføra den største kulturelle dugnad dei kunne tenkja seg, nemleg å riva ei kyrkja i Amerika og å henta denne  kyrkja heim til Sletta, det kribla i dugnadsånda til Slettafolket, jammen drog dei over dammen til «junaiten» for å henta heim både kyrkja og ein prærielandsby.

Vidare har folket her i bygdene planar om å få reist eit Senterbygg, med ymse aktivitetar, samt magasin for betre bevaring av historien. Lukke til.

Kyrkja i Brampton var bygd i 1907, same tida vart det laga gravplass på Sletta. Der kor dei har sine kjære i evigfreden. For 25. år sidan fekk bygde si kyrkje plassert ved gravplassen. Ringen var fullført, kyrkje og gravplass ved sida av kvarandre.

Det var maktpåliggjande for folket på Sletta å greia å henta heim denne kyrkja og prærielandsbyen, yta for å nyta, dei ville og skulle makta dette løftet utan lån i bank. Strilen har tradisjon for å vilja vera gjeldfri.

Dei som reiste til Amerika for å henta heim desse kulturelle formuane var av beste dugnadsmerke, dei betalte for seg sjølv. Dei var over i 3.omgangar.

Det er likevel rett å seia at det var mange bedrifter, bankar o.a. som såg den kulturelle  verdien i tiltaket og som dermed ytte pengar og aktuelle gåver , dette ville dei vera med på, ikkje minst fordi sponsorane visste at folket på Slettabygdene som sto føre dette var  kulturbærarar av beste merke og var å lita på.

  • Kranseseremoni ved bautastein, flaggvakt med flagg fra Norge og USA
    1/1
    Olav Steinar Namtvedt losa oss trygt og vant gjennom seremonien, konfirmantane Ole Lucas Angelskår Fol og Marte Ystebø la ned blomster på monumenta, medan Oddvar og Anna-Marie Stang sto æresvakt med flagg. Sindre Røynstrand Kolås sto for musikalske innslag på seremonien.

I dag er Vestnorsk Utvandringssenter eit element innan Museumssenteret i Hordaland, då er det eit ansvar for det norske kulturelle offentlege omfang. Men, den frivillige innsatsen frå folket i bygda er like trufast med på å verna om denne bygda sin kulturkapital.

Du skal likevel akta på at når du køyrer i bil i dag over Radøy, kurs mot Sletta so er du og alle med på ein liten dugnad, men den må du betale for, den dugnaden kallast Bompenger. Du såg deg vel litt ikring då du køyrde hit i dag, nye vegar vert bygd over Radøy og gjer det lettare å koma seg fram til Vestnorsk Utvandrigssenter i framtida.

I mi beundring og vyrdnad for kva folket på Sletta har utført av frivillig innsatsvilje og dugnad, vil eg i Frivilligåret 2022 bruka det gode gamle ordtaket til Strilefolket, når dei skal lovprisa og gi tilkjenne godord om noko, slo dei hendene saman og gav uttrykk med få, men kraftfulle velmeinte ord, eg sluttar her til med dette å seia, høgt og tydeleg:

-Å du å du! - Å du hendelse!


I største respekt for utført Frivillig dugnad: Tillukke med dagen. Takk

  • Norsk og amerikansk krans
    1/1
    Krans
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1