På midten av 1800-talet gjekk Europa gjennom store endringar. Aukande folketal, den industrielle revolusjonen, økonomisk ustabilitet og avlingssvikt i jordbruket førte til at ein stadig voksande arbeiderbevegelse. Revolusjonar førte til store politiske endringar i fleire land.
Marcus Thrane
var ein markant skikkelse i samtida, som kjempa for allmenn stemmerett og allmenn opplysning. Som lærar, journalist og dramatikar var han oppteken av at alle skulle kunne delta i samfunnet og demokratiet. Han ville ha ei fri presse som fungerer som opplysning for folket, skule og utdanning for alle og opne bibliotek - ting vi tar som ei sjølvfølge i dag.
I Noreg var Marcus Thrane og hans likesinna godt orientert om hendingane i Europa.
I desember 1848 stifta Thrane den første arbeiderforeninga for å betre arbeidsforholda for norske arbeidere og husmenn, og i løpet av to og eit halvt år dukka det opp lokale arbeiderforeningar over heile landet, med til saman over 30 000 medlem. Arbeiderforeningane var den første organiserte politiske masserøyrsla i Noreg med sentralmøte, eit eige presseorgan og leiing.
Til saman utgjorde dei det som blir kalla Thranerøyrsla, eller thranittane. Dei hadde som langsiktig mål å få allmenn stemmerett for menn, betre sosiale og rettslege forhold for arbeidere og husmenn og betra tilbodet om utdanning for barn av arbeidere.
I mai 1850 blei det utforma ein petisjon til kongen der ti reformynskje vart formulert. Mellom anna handla det om fjerning av korntollen, auka handelsfridom på landet, tiltak mot brennevinsdrikking, forbetringar i undervisninga for allmuens barn, reformar i rettsvesenet, alminneleg verneplikt, allmenn stemmerett for menn og letting av husmannsklassens kår.
Petisjonens krav blei avvist av kongen og regjeringa, noko som førte til auka frustrasjon blant foreiningane. Myndigheitane valde etter kvart å gå til aksjon og arresterte ei rekke sentrale medlem, mellom anna Thrane.
I 1854 blei han dømd for forsøk på å endre statsforfatninga med ulovlege midler; forsøk på revolusjon, og han tilbrakte 7 år i fengsel for dette.
Etter at kona Josephine døydde av tuberkolose i 1862, emigrerte Marcus Thrane året etter til USA saman med døtrene Camilla, Helene, Markitta og Vasilia. Der arbeidde han først to år som fotograf i New York.
Seinere flytta dei til Chicago. Der starta Thrane avisene Den norske Amerikaner og Dagslyset, som raskt fekk eit betydeleg tal abonnentar. Han var og aktiv på venstresida i Chicagopolitikken.
I 1866 opna han det første norske teateret i Amerika, Det Norske Theater. Her sette han opp skandinaviske stykke så vel som eigenskrivne verk for det skandinaviske innvandrarmiljøet, ofte med moralsk/politisk tematikk. Heile familien var engasjert i teaterverksemda.
Sjølv om han jobba hardt i desse åra, vart Thrane ikkje rik på verksemda. Han var avhengig av bornas økonomiske støtte for å klara seg.
I 1882-1883 var Thrane tilbake i Europa, og oppholdt seg nokre månadar i Noreg. Han besøkte gamle kjende og holdt foredrag. Mottaginga var lunken, og Thrane reiste skuffa tilbake til USA.
Lutfattig på jordisk gods og med eit livsverk han sjølv kjende låg i grus, flytta han til sønnen Arthur i Eau Claire, Wisconsin, og budde der fram til sin død 30.april 1890.
Kjelder og referansar
- Store norske leksikon (03.10.2023) Url: https://snl.no/Marcus_Thrane
- Arbeiderpartiet (03.10.2023) Url: https://www.arbeiderpartiet.no/om/historien-om-arbeiderpartiet/biografier/marcus-thrane/
- Stortinget (02.10.2023) Url: https://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/stemmerettsjubileet-2019/fattigdom-stemmerett/marcus-thrane/
- UiO (2017) Forskningsmagasinet Apollon Url: https://www.apollon.uio.no/artikler/2017/3_marcus_thrane.html
- Terje Leiren (2007) Marcus Thrane and the Norwegian Theater in America Artikkelsamling frå fagseminar under Utvandringsfestivalen:Enkeltpersonar frå Norge i smeltedigelen USA: Relation among Nations in a multi-cultural World 2007
- Draumen vart verkeleg - Vestnorsk utvandringssenter 1997-2012, red Kjartan Rødland (2013) Om monumentsamlinga Sletta : Vestnorsk Utvandringssenter