Hopp til hovedinnhold

Migrasjon før og no - tale på Utvandringsfestivalen 2021

Christel Villanger Håland, leiar for utval for oppvekst, kunnskap og kultur i Alver kommune holdt talen ved hovudmonumentet i samband med Utvandringsfestivalen 2021. Vi presenterer her talen ho holdt under seremonien.

 /

Me har i hundrevis av år levd i ei tid med omfattande folkeflyttinger, frå det fattige sør, frå krigssoner og frå land ramma av økonomiske kriser. 

Dei første norske utvandrarane reiste til Amerika på jakt etter frihet og overlevelse. Migrasjon er ikkje noko nytt fenomen. Historisk har migrasjon vore med på å forma verda. Historikarar hevdar at nordmenn som busette seg på prærien har vore med på å gje opphavet til den amerikanske folkesjela.

Dei store folkevandringane frå Noreg og andre land i Europa til Amerika på 1800 talet og vidare inn i 1900 talet, førte til store demografiske endringar også i avsendarlanda. På slutten av 1800 talet flytta nesten kvar tiande nordmann til USA. Utvandringa starta frå dei indre fjordbygder på Vestlandet og dei øvre fjellbygder i aust. Det er ikkje tvil om at nordmenn vart tiltrekt av Amerika og at overbefolkning på dei norske bygdene spelte ein viktig rolle til utvandringa. Dei som ikkje hadde odelen til gardane dei var fødd på, hadde trong for å finna seg eige levebrød.

På reisa vestover med seglskip, var overfarten både helsefarleg og iblandt dødeleg og tok opptil 2 månadar. Den største utvandrarbølgja kom samstundes med utviklinga av dampskipa. Ei reise som no kunne gå på ei veke og som gjorde overfarten både raskare og tryggare. 

I Europa opplevde me på 1900-talet store folkeforflyttingar.  I periodar har ulike krigar og konfliktar drive menneske på flukt. Trass dette er migranter også ein stor andel av arbeidsstokken i mottakerlanda. Mange migranter er høykompetente. At mennesker migrerer svekkar sjølvsagt heimlandets vekstpotensiale. Forskning viser at når ein aukar gjennomsnittsinntekta i landet, så aukar også migrasjonen frå landet. Kvinner utgjer i dag ein stadig større andel av migrantene som stiller med høgast kompetanse. 

Ynskje om eit betre liv i eit anna land med høgare inntekts- og velferdsnivå har internasjonalt vore ei grunnleggjande drivkraft bak det ein kallar internasjonal migrasjon. Dette var håpet dei hadde for utvandringa til Amerika og søket og jakta på det gode livet i vest. Fortsatt er dette hovedmotivet og den største grunnen i vår tid til at migrasjonen fortsatt er aukande. 

Me må difor i dag trekkje parallellar til ulike kulturmøte i vår tid som oppstår med grunnlag i arbeidsinnvandring både av rekrutterte fagfolk og dei som kjem på eige initiativ og flyktningar som kjem til vårt land.

 /

Globaliseringa gjev oss større informasjon om andre og framande land og destinasjoner, og dei mulighetane som ligg der. Reisene er i dag korte og grensene mellom landa er er mykje friare. Utdanning i utlandet og eit stadig meir internasjonalt arbeidsmarked aukar også migrasjonen. På denne måten vil migrasjonsrørsla kunne endre demografiske , økonomiske og sosiale strukturar. Dagens innvandring er ikkje på nokon måte noko ny historie. 

Norge har gjennom mange hundrevis av år bygd seg opp på ekspertise frå utlandet. I hansatida slo tyskarane seg til i Oslo, Tønsberg og Bergen som handelsmenn og handverkarar. Seinare som spesialister i gruvedrifta på Røros. Engelskmenn vart viktige for tekstilindustrien vår og fjøsstell og meieridrift kom til Noreg med sveitsiske ekspertar. På syttitalet eksploderte arbeidsinnvandringa frå Asia, spesielt frå Pakistan. Her fekk me møte nye og spennande matkulturar som i dag er godt ivaretatt og mykje nytta. 

I moderne tid har norsk oljeindustri vore heilt avhengig av at me fekk tilført teknologi og ekspertise frå amerikanske oljearbeidarar. På same måte som norske emigrantar som innvandra til Amerika, tar ein med seg delar av sin kultur og tilpassa seg ulike nye samfunn. Ein deler desse kulturane med andre og sakte, men sikkert vert dette delar av kulturane i dei ulike landa. 

Me må difor i dag trekkje parallellar  til ulike kulturmøte i vår tid som oppstår med grunnlag i arbeidsinnvandring både av rekrutterte fagfolk og dei som kjem på eige initiativ og flyktningar som kjem til vårt land. 

Norske myndighetar har forplikta seg til å arbeide for at ulike nasjonale minoritetar kan bevare sin tradisjon, religion, kultur og sitt språk på ein sånn måte at det fremmar toleranse, respekt og dialog. 

Når me no ser rundt oss her på Sletta og kjenner til den norsk-amerikanske historien, så er det viktig å tenkje på at desse bygningane som her er plassert rundt på utvandrarsenteret, er frakta over Atlanteren på same måte som nordmenna vart frakta over Atlanteren til Amerika for hundrevis av år sidan. Dette er husa dei forma til liva sine kring dei ulike miljøa dei var i. Sånn klarte vårt folk å byggje opp sin nye og framande heimstad. 

Me kan ta del i kulturen og forstå kva dei reiste frå her heime og kva dei reiste til i Amerika. Me kan tenkje oss frykten, uvissheten og tankane over det dei gav slepp på her heime. Me kan også kjenne på gleda dei fekk over å verte tatt i mot, lukka over å få mulighet til å starte på nytt og lykkast med det som ein valgte å håpe på og satsa på....samhaldet og utviklinga om det ein oppnår felles og resultata som oppstår i miljøa ein etablerer. 

Me sit att med historiar frå dei som tok sjanse, å reiste frå det kjente og DEI kjære som dei hadde, lite mulighet for bagasje, kanskje berre med eit foto og ein liten amerikakoffert, med det kjæraste dei kunne ta med seg. ....men dei hadde med seg store verdiar og mykje kultur i flyttelasset, som etter kvart ville  forme og setje preg på deira nye heimland...til glede for både dei og mange andre.

....

Då vil eg med stor takknemlighet få leggje ned ein krans for alle som migrerte til Amerika og heimane deira.

  • Kransenedlegging og æresvakt ved hovedmonumentet
    1/3
    Kransenedlegging og æresvakt ved hovedmonumentet Lena Eikeland Kutschera
  • Museikergruppe fremfor Emigrantkyrkja
    2/3
    Lena Eikeland Kutschera
  • Kransenedlegging og æresvakt ved hovedmonumentet
    3/3
    Lena Eikeland Kutschera
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1