Hopp til hovedinnhold

Norrøna-monumentet

Norsk utvandring til øyar som Island, Grønland, Færøyane, Shetland, Orknøyane, Hebridane og Man har vore ein sentral del av den nordiske historia. I norrøn tid var desse øyane gjennom fleire århundre mål for norske utflyttarar, som igjen har etterlate eit varig preg på kulturen og samfunna i desse regionane. Nordmenna tok med seg språk, kultur og tradisjonar som forma grunnlaget for dagens samfunn.

Glødande hav slo mot himmelen/ /

sjø synte styrke/

stamnen skar skyene/

/Rans veg rakk mot månen

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3

Dette skaldekvadet står skrive på Norønna-minnesteinen på Sletta. Rans veg var havet, og havet knytte saman, det skilde ikkje.

Fridomsglade nordmenn låg ut på ferder over vilt og farleg hav, og nye norønne samfunn vart grunnlagde og voks til velstand; på Island, Grønland, Færøyane, Hjaltland(Shetland), Orknøyane, Sudrøyane(Hebridane) og Man. Dei mange øyane vart til eit Noregs-velde. Vi finn spor av dei norske utvandrarane i fleire av desse samfunna i dag.

I vikingtida vandra mange menneske frå Noreg og dei slo seg ned og danna nye samfunn både i Normandie, Nord-England og Irland. Her snakka dei dermed norsk i fleire generasjonar, men her har språket døydd ut. 

Dei mindre øysamfunna i Nord-Atlanteren blei derimot språkkoloniar med eit langt og sjølvstendig liv. Dei som kjenner litt til islandsk, færøysk og norsk, veit at desse språka er i slekt, eller at dei har visse likskapar. Straks etter at nordmenna flytta til vesterhavsøyene, var nok språket nokså likt over heile området, men etter ein del generasjonar gjekk utviklinga naturleg nok i ulikeretningar. Kvart samfunn utvikla sine særdrag, alt etter kor stor kontakten er mellom samfunna. 

Det var stort handelssamband mellom Noreg og øysamfunna i Nord-Atlanteren, og handelsmenna slo seg gjerne til over lengre periodar. På samme måte var handelsmenn frå Island og Færøyane på hyppige besøk i Noreg, og reiser, flyttingar og giftarmål gjorde at språket vart hald i live og verka "begge vegar".

Norønna-monumentet vart avduka i samband med Utvandringsfestivalen i år 2000. Steinen er reist i saman med Vestmannalaget som eit minne over dei mange utvandrarane som for i vesterveg. Avdukinga vart gjort av heiderslagmedlem i Vestmannalaget, Eigil Lehman og fleire andre sentrale lagsmedlem.

  • 1/1

Detaljar frå minnesteinen

  • 1/3
  • 2/3
  • 3/3
Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1