Språk på vandring
For drygt tusen år sidan stemna Ingolfr Arnarson ut frå Rivedal i Sunnfjord. Koloniseringa av Island og dei andre øyane rundt Nordsjøbassenget la grunnlaget for eit stort og samansett rike bygd på norrønt språk og demokratiske tradisjonar frå Gulatinget. På Island la det norrøne språket grunnlaget for ein verdslitteratur, og på resten av øyane er tilknytinga til Noreg framleis sterk.
Ingolfr var på ingen måte den første kolonisatoren. For nokre tusen år sidan kom indo-europeiske folkestammar frå områda i aust rundt Svartehavet – på hesteryggen med stridsøksar og andre våpen og som fredelege jordbrukarar. Slik oppstod dei europeiske språka.
Lenge før Ingolfr si tid vart nokre skarve landsens dialektar frå landsbyar midt i Italia utvikla til prestisjespråket latin. Dette språket reiste ut rundt heile Middelhavet som reiskap for militær ekspansjon og la grunnlaget for det mektigaste riket historia til då hadde sett. Så splitta det seg i språk som fransk, spansk og portugisisk. Og gjennom ein mykje kortare perioden på nokre hundre år, eit halvt årtusen etter Ingolfr, reiste desse språka vidare over hav med skip der forfedrane hadde komme over land med hest. Dei fekk fotfeste på kontinenta i vest, sør og aust og vart globale språk. Det vart likevel det engelske språket som vann verdsherredømmet, og følgjene kjenner me på framleis. I dag er norsk eitt av svært mange små språk som må kjempa for statusen sin slik at ikkje alt det viktige må skje på engelsk.
I 1906 vart det fødd ein gut i Sioux City i Iowa. Han hadde norske foreldre og fekk namnet Einar. Han måtte baska med fleire språk i oppveksten - trønderdialekt heime, det engelske språket som etter kvart vart påbode i skulen, seinare norsk riksmål. Han følte på kroppen korleis det norske språket vart redusert til eit heimespråk eller “kjøkenspråk” under trykket både frå “frøken” i skulestova og den amerikanske staten i tida etter første verdskrig, då bruk av andre språk enn engelsk vart definert som “uamerikansk”. Men guten vart så interessert i språk at han tok ein doktorgrad om Ivar Aasen og nynorsken. Namnet “Einar Haugen, amerikansk språkforskar” lyser med gullskrift i internasjonal språkvitskap. Han brukte erfaringane frå oppveksten til å skriva ei stor skildring av det norske språket i Amerika, og på den måten vart han den som gav språkvitskapen omgrep og ord til å beskriva den lagnaden alle to- og fleirspråklege må streva med. Einar Haugen gjorde det norske språket i Amerika til ein allmenngyldig forklaringsmodell.
Einar Haugen har såleis lært oss at det alltid kostar smerte og strev å bruka eit lite språk i møtet med eit stort. Det eittspråklege samfunnet er likevel ein illusjon – ingen samfunn slepp unna to- eller fleirspråklegheit i ei eller anna form, heller ikkje det amerikanske eller det norske. Det er eit samfunnsansvar å løysa slike problem og fremja toleranse og respekt, og Einar Haugen har lært oss mykje om korleis det kan gjerast.
Nordmenn verdset at norskætta amerikanarar kjenner tilknyting til Noreg sjølv om dei har skifta språkleg kode og ikkje lenger snakkar norsk. Me reagerer positivt når orknøyingar og shetlendarar hugsar på det gamle norrøne språket sitt, “the norn”, og er opptekne av kontakten med dei norske røtene sine.
Den norske opplæringslova sikrar innvandrarar rett til morsmålsopplæring, men først og fremst som eit middel til å læra norsk. Vaksne migrantar i dag har komme hit til landet av mange grunnar: frå flyktningeleirar i Afrika og Asia, på flukt frå forfølging og krig, men òg ofte for å skapa seg eit utkomme for seg og familien. Dei arbeider i det norske næringslivet i distrikta og er ein ressurs som det norske samfunnet ikkje kan greia seg utan. Samstundes har dei med seg ein tonnasje av språkkunnskapar, og det norske språksamfunnet har fått tilført ein språkleg rikdom som desse morsmålsbrukarane ikkje alltid kan profittera på - fordi den ikkje er verdsett.
Men av og til vert det likevel synleg, som når NRK held seg med korrespondentar som kan snakka store morsmål som pashto, dari, farsi og urdu. Den tidlegare presidenten på Island, Vigdis Finnbogadottir, har sagt at “språket er den lykelen som opnar alle overdsens dører”. Som leiar av eit lite språksamfunn forstod ho verdien av å ta vare på den språkarven ein har. Ingen andre gjer det for ein, og islandsk viser korleis små språk er i stand til å produsera kulturytringar i verdsklasse.
Den språklege paletten vert fattigare og mindre interessant dersom det berre skal liggja éin stor og to-tre mindre klattar der. Som andre økosystem vert det språklege økosystemet meir robust når det gjev plass til både store og mindre store artar, eller artar ein enno ikkje har fått auga på.
Einar Haugen har peika på at det trass slit og strev er ein personleg rikdom å ha tilgang til fleire språk og kulturar: “bilinguals have more fun” - dei tospråklege har det meir moro.