Hopp til hovedinnhold

Dendrokronologisk datering Litloksa

Kulturverntenesta i Nordhordland har gjennom fleire år arbeidd med datering av bygningar, såkalla dendrokronologi. Dei fleste oppdraga har vore for Hordaland, no Vestland, fylkeskommune, men vi har òg hatt oppdrag utanfor fylkesgrensene.

I desember 2019 var vi på Litloksa i dåverande Lindås kommune. På Litloksa står ei lemstove der nordre delen av huset er eit eldre loft. Bua, eller nedre delen av bualoftet, står som ein del av Litloksahuset på Hordamuseet. I samband med ei undersøking av potensielle mellomalderbygningar i Vestland, føretok Kulturverntenesta i Nordhordland og NTNU ei dendrokronologisk undersøking av huset. Tømmerkassa i nordre delen, den som har vore loft, viste seg å vere frå 1665.

I syllstokken, det nedste omfaret, er det spor etter bjelkelaget mellom bu og loft. Dette korresponderer på millimeteren med bua som står på Hordamuseet.

  • eldre trebygning med steinmur, i bakgrunnen tre og busker
    1/1
    Lemstove med gjenbrukt loft Arild Sætre/Kulturverntenesta i Nordhordland
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1