Hopp til hovedinnhold

Harmonic contrasts

Sommarutstilling i Kafé Emigranten. Fotograf Morten Sæle sine flotte foto frå USA og Norge. Salgsutstilling.

Et fotografisk blikk på bylandskapet i NewYork og landskapet i Vest-Norge

Fotograf Morten Sæle

I fotografi handlar alt om å fange eit augeblink. Ikke berre det som er synleg for auget, men også dei underliggande kjenslene, stemningane og dei skjulte historiane. For meg personleg handlar ikkje den kreative prosessen med å lage eit bilete om teknikk, men om å vere til stades i rett augeblink, sjå og fange noko dei fleste ikkje kan sjå.

I prosjektet mitt «Harmonic Contrasts» søkjer eg å skape ro, harmoni, gjennom bruk av sterke kontrastar både i form og farge, store flater, linjer og konsekvent komposisjon. Dette inspirerte tittelen «Harmonic Contrasts», for å skape ro sjølv med bruk av dramatiske verkemiddel.

Eit motiv viser seg like raskt som det forsvinn. Gleda av å vere til stades, å sjå, oppleve, og til og med fange augeblinken for å dele den med andre, er kanskje det aller største for meg som fotograf.

Salgsutstilling i Kafé Emigranten

Denne sommaren har vi gleda over å vise dei flotte fotografia til Morten Sæle. Bileta frå utstillinga HARMONIC CONTRASTS kjem rett frå utstilling i Trygve Lie Gallery i New York. Dette galleriet ligg i tilknytting til Sjømanskirken i storbyen. 

Bileta heng i den koselege kafeen vår, du som gjest, anten du kjem som kafegjest eller for omvising i museet, har høve til å bestille deg frå denne vakre, spennande og kontrastrike samlinga av foto. 

Utstillinga står frå mai til august, og er tilgjengeleg i museet og kafeen sin opningstid. 

  • Foto av FN bygningen i rein silhuett mot blå himmel og foto av liten flok sau mot kveldshimmel.
    1/1
    Morten Sæle

Sesongstart og utstillingsopning 12. mai

Første dagen vi held ope for sesongen, kjem Morten Sæle til oss og fortel om utstillinga si, som når den opnar hos oss nyleg har vore vist i USA. 

Museet sin opningstid er  kl 12-15, Fotograf Morten Sæle vil fortelle om utstillinga og opplevinga si kl 13.00 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1