Hopp til hovedinnhold

Fjellskålnesloftet

Sett opp på museet i 1948.
Fjellskålnesloftet er ein toetasjes lafta bygning utan eldstad. Storleiken kan vera uvanleg for strilelandet, her har det ikkje vore mangel på tømmer då dei bygde.
Huset har bu i første etasje for oppbevaring av mat. Loftet er andre etasje og vart nytta til oppbevaring av kleskister og sengklede. Dette var ofte stasrommert der gjester kunne overnatte i sommarhalvåret. Bua og loftet er alltid avskilde; dvs. det er ikkje trapp innvendes mellom dei, men kommunikasjonen føregår i utvendige trapper og svalgangar. Fjellskålnesloftet har også kornlem over loftet.
Denne typen bygning har vore vanleg å sjå på gardane på Vestlandet, men interiøret I Fjellskålnesloftet gir bygningen ein spesiell posisjon i vestnorsk bygningshistorie. Loftet har to veggfaste senger med eit stort skåp mellom, alt rikt dekorert i renessanseskurd, som var karakteristisk for den tida huset var bygt. Treskurden er uvanleg skarp og presis. Truleg har det vore henta ein handverkar frå byen til å utføre dette stasinteriøret då huset var nytt. I 1866 vart intriøret måla.
I 2019 vart det gjort dendrokronologisk datering av bygget og vi veit no at loftet er bygt I 1637, eller kort tid etter. Det vart opprinneleg sett opp på Seim i Lindås, men etter arveskifte vart det flytta til Fjellskålnes på Osterøy i 1687 og plassert oppå ei matbu. I 1892 kjøpte Fortidsminneforeiningen huset og det sto ein tid i Museumshagen I Bergen før det vart flytta til Gjerstad.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1