Hopp til hovedinnhold

Heimvikstova

Stove frå Heimvik I Osterfjorden
Flytta til museet i 1963.
Heimvikstova er ei årestove og truleg frå slutten av 1500-talet. På Heimvik skal stova ha vore bygt på ei gamal tuft, frå før svaretdauden, der det også sto ei tilsvarande stove.
Midt I rommet er eldstaden, åren, og over denne heng skjeringa med gryta. Her vart det kvar dag kokt graut og laga anna mat. I mønet finn me ljoren, opninga der røyken vart ført ut. Ved eine langveggen er ein moldbenk, dvs den er fyllt med jord og sand. Dette isolerte mot kulde og benken gav folk ein stad å sove, eller sitje med ulikt arbeid. Det har vore hardtrampa jordgolv i stova og til høgtidene var det vanleg å hakke brake som vart spreidd over golvet.

Heimvikstova har gjennom tidene hatt mange funksjonar på garden og vore nytta til stove, gjesterom, tørkehus for korn, og til smie. I tømmeret er det mange mystiske spor etter bruken. På eine veggen har det tydeleg vore ein opning, som kan vera ei gamal likluke der dei døde vart borne ut. Dette var ei av mange råder mot at den døde skulle finne vegen attende til heimen som gjenferd.
På museet vart Heimvikstova bygt saman med Fjellskålnesloftet.

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1