Hopp til hovedinnhold

Klesbyttefest vol 2

Klesbyttefest med Clothing Swap Bergen.

Dykk ned i skapet og finn fram maks 7 klesplagg, sko, vesker eller smykke. Vi tek diverre ikkje imot barneklede. Ved bytte får du poeng for kvar vare, avhengig av type og kvalitet.

Ta deg deretter tid til å sjå gjennom dei velfylte stativa våre for å finne noko fint og betal med poenga du fekk. Kleda du leverte frå deg vil bli gjort tilgjengeleg for andre, og du drar heim med eit nytt antrekk! Ettersom vi har eit eige lager, vil det være kler tilgjengeleg helt frå starten. Obs: Du kan bruke poeng du frå tidlegare arrangement.

Inngang kr 100,-

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1